TERJE ULVEDAL

Ei av dei to fornærma jentene, forklarte under rettssaka at mannen, som er i 40-åra, mellom anna videofilma eitt av samleia.

Den dømde blei pågripen for to år sidan. Pågripinga skjedde på bakgrunn av opplysningar politiet fekk frå ein barneverninstitusjon. Overgrepa han no er dømd for skriv seg tilbake til tida like etter årtusenskiftet.

Tingretten har funne mannen skuldig i å ha gjennomført fleire samleie med si eiga dotter. Då overgrepa tok til var jenta nett fylt 14 år. Retten strekar under at dottera som følgje av overgrepa vil ha behov for behandling og hjelp i lang tid framover.

Mannen er også dømd for å ha hatt seksuell omgang med ei mindreårig jente han over ein periode på vel eitt år var kjæraste med. Retten slår fast at mannen visste vel at jenta var under den seksuelle lågalderen.

Då politiet slo til mot mannen tok dei beslag i ei rekkje videofilmar. Mange av filmane hadde pornografisk innhald, og på ein av videoane var innhaldet klart barnepornografisk.

Under rettssaka nekta mannen på å ha forgripe seg på dottera, og fortalde at han ikkje ein gong kunne hugse den mindreårige kjærasten eller at politiet arresterte han.

Retten har ikkje funne det minste lit til mannens forklaring, og har altså dømd han til fengsel i to år og tre månader. Han må også betale erstatning på 100.000 kroner til dottera og 30.000 kroner til eks-kjærasten.