Det alvorlegaste tiltalepunktet gjengangaren er dømd for denne gongen, skriv seg tilbake til august i fjor.

Utanfor ein skjenkestad i Askvoll kommune kasta han ein annan person i bakken, og trykte deretter hovudet hans ned i asfalten med foten.

Retten meiner valdsbruken skjedde mot ein forsvarslaus person, og at handlinga framstod som uprovosert. Vitne har mellom anna fortalt at den fornærma låg heilt urørleg på ein platting, då den dømde løfte han opp og kasta han i bakken med hovudet først.

Valdsbruken skjedde medan mannen var på prøve etter sin 10. dom. Retten har teke omsyn til at 30-åringen er i gang med eit rehabiliteringsopplegg ved eit behandlingssenter på Austlandet. Fem månader av den eitt år lange fengselsstraffa er difor på vilkår. Tingretten har fastsett prøvetida til tre år.