1. klassingane på Kaland let ei banan slå knockout på ein sjokolade i den europeiske reklamefilmkonkurransen «Food4U». Det gav elevane billett til finalen i Italia i haust.

— Poenget er å få ungdom til å eta sunt, forklarar Hildegunn Neteland. Hennar jobb har vore å redigere filmbidraget saman med Lars Utkilen.

Det er ein statleg institusjon under det italienske Land- og skogbruksdepartement som står bak konkurransen «Food4U». Elevar mellom 14 og 19 år frå ti europeiske land vart inviterte til å produsera ein reklamefilm om sunn mat. Ungdommane frå Kaland barne- og ungdomsskule er no plukka ut som ein av tolv finalistar. Tanken er å bruka vinnarfilmen i ein kosthaldskampanje retta mot ungdom i heile Europa.

Tverrfagleg prosjekt

Etter at boksekampen mellom bananen og sjokoladen er avgjort, tek ungdommane oss med til ei scene frå det verkelege livet med bodskapen om at her er valet ditt.

Og kven trur de den vakre jenta vel? Han som et ei banan i ro og mak? Eller han som skyl ned ein munnfull chips med endå meir cola og rapar når ho set seg ved sida av han? Ho forlet sjølvsagt rommet med fruktmannen. I alle fall i filmen til kalandelevane.

— Me ville visa at du får belønning viss du et sunn mat, seier Amalie Dyrenes som spelar jenta.

Filmarbeidet har vore eit tverrfagleg prosjekt som har involvert norsk, engelsk, heimkunnskap og musikk. Alle matematikk- og norsktimar i ein månad gjekk med til å få fram det endelege produktet på eitt minutt. I tillegg har elevane laga åtte minutt som viser korleis reklamesnutten vart til.

— Me hadde det veldig moro, fortel ungdommane. Det verste med prosjektet kom då filmen var ferdig. Då måtte dei nemleg ta att all matematikken dei hadde gått glipp av.

Usunt er godt

Meldinga om at filmen deira var teken ut til finalen, kom for nokre veker sidan. Då var elevane i feriemodus og hadde gløymt heile konkurransen. Overraskinga var difor stor då nyheita spreidde seg frå mobil til mobil.

— Alle i klassen går godt i lag. Det er ingen som ikkje likar kvarandre, fortel Mats Myklebust, som har stått bak kameraet. Han trur stemninga i klassen har bidrege til at filmen vart bra. Men vart den så bra at dei overbeviste seg sjølve?

Elevane ler avslørande og innrømmer at det vert ein del junkfood. Det høyrest ut som om det også på Kaland er behov for kampanjen som det italienske landbruksdepartementet ønskjer å setja i gang.

— Eg har faktisk gått eit heilt år utan å eta snop, men det var hardt, fortel Mats.

— Eg hadde spart mykje pengar om eg hadde klart å kutta ut snop, kommenterer Amalie.

I slutten av september reiser heile klassen på 14 elevar til finalen i Italia på det italienske land- og skogbruksdepartementet si rekning. Då slår forhåpentlegvis den snille bananen knockout på konkurrentane også.