JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bt.no

— Vi tenkjer oss ein tunnel frå Klokkarvik under Raunefjorden og under Lerøy fram til Bjelkarøy. Derfrå ein tunnel under sundet og under Hjellestad inn til Lønningen, seier tiltakssjef, tidlegare rådmann i Sund kommune, Karstein Bjørge, til Bergens Tidendes nettutgåve.

Bjørge arbeider no med å førebu eit forprosjekt som kommunestyret i Sund skal sjå nærare på i slutten av mars.

Det har alt lenge vore arbeidd med planar om vegsamband med fylling og bru frå Hjellestad til Lerøy og Bjelkarøy, som båe høyrer til Sund kommune. I dag er øyane knytt både til Hjellestad og Klokkarvik med ei ferje, som går i riksvegsamband.

Det har alt lenge stått meir eller mindre fast at det skal byggjast eit vegsamband mellom Lerøy/Bjelkarøy og fastlandet.

— Men i praksis er det no over og ut for bruplanane. Det var krav om minstehøgd på 25 meter. Det ville ført til så stygge inngrep i landskapet med store skjæringar, så det vert det nok ikkje noko av. Desse problema kan vi unngå med tunnel. Då rører vi ikkje landskapet på Mildehalvøya i det heile, seier Bjørge.