JOHN LINDEBOTTENjohn.lindebotten@bt.no

— Vi tenkjer oss ein tunnel frå Klokkarvik under Raunefjorden og under Lerøy fram til Bjelkarøy. Derfrå ein tunnel under sundet og under Hjellestad inn til Lønningen, seier tiltakssjef, tidlegare rådmann i Sund kommune, Karstein Bjørge.Bjørge arbeider no med å førebu eit forprosjekt som kommunestyret i Sund skal sjå nærare på i slutten av mars.

Bru vert stygt Det har alt lenge vore arbeidd med planar om vegsamband med fylling og bru frå Hjellestad til Lerøy og Bjelkarøy, som båe høyrer til Sund kommune. I dag er øyane knytt både til Hjellestad og Klokkarvik med ei ferje, som går i riksvegsamband. - Men i praksis er det no over og ut for bruplanane. Det var krav om minstehøgd på 25 meter. Det ville ført til så stygge inngrep i landskapet med store skjæringar, så det vert det nok ikkje noko av. Desse problema kan vi unngå med tunnel. Då rører vi ikkje landskapet på Mildehalvøya i det heile, seier Bjørge.

Trongare og trongare Tunnelsambandet frå Klokkarvik til Hjellestad går inn i den pågåande diskusjonen om nye vegsamband mellom Bergen og Sotra. Flaskehalsen Sotrabrua vert berre trongare og trongare. I dag passerer 21.000 bilar i døgeret over brua, og innan tiåret er ute, vil 30.000 bilar pressa seg over.

Mange år med planarbeid Hordaland vegkontor har ingen planar om og heller ikkje pengar til anna enn småflikking her og der, som i beste fall kan bremsa utviklinga mot fullstendig infarkt. Det meste ein kan vona på i dei fyrste ti åra, er ein overordna plan der Bergen kommune og Fjell kommune er samde om kor eit eventuelt nytt vegsamband skal leggjast, anten det vert tunnel eller ny bru.- Det vil ta mange år å laga ein slik plan, sier Per Steffen Myhren ved Hordaland vegkontor. Då hjelper det lite at Terje Skjelbred i NCC Anlegg på kort varsel vil byggja ein tunnel til Sotra for 125 millionar kroner.

Støtte til vegprising Det som lettast kan gje ein verknad, er truleg å krevja betaling for å køyra over Sotrabrua, og bruka inntektene til å betra busstilbodet mellom Straume og Bergen. Vegsjef Ole Chr. Torpp går inn for dette, og han får heilhjarta støtte frå sentralt hald på Stortinget.- Ein kjempegod idi, seier Ranveig Frøiland, som i tillegg til å sitja på Stortinget er fylkesleiar for Arbeidarpartiet i Hordaland.