Det er gjort tilsetjing av ny sokneprest, men vedkomande ønskjer ikkje ei mellombels buløysing inntil prestegarden er ferdig utbygd. Det ser ikkje ut til at ny prest er på plass før januar neste år, og dette meiner ordføraren er uakseptabelt og har i eit brev til biskop Ole D. Hagesæther bede om at han bidrar til at Sund får sokneprest på plass snarast.Ordføraren seier at tenestene i kyrkjelyden ikkje har fungert tilfredsstillande på eit og eitt halvt år og seier til Kystradioen at biskopen må hjelpa til med å skaffa mellombels bustad.