OLAV KOBBELTVEIT olav.kobbeltveit@bt.no Johannes hadde in vid krins av vener og kjenningar, og mange ville følgja han til siste kvilestaden på Sund kyrkjegard. Rundt 70 menneske tok turen til Klokkarvik med M/S "Granvin".For folk flest var han visesongaren, kystens trubadur, strilen med stor S og det varme mennesket, som slost for kystkulturen før det heilt kom på moten.Det fortalde mellom andre trubadurkollega Kenneth Sivertsen om. Saman med Ivar Medaas, Fred Ove Reksten og andre kunstnarkolleger var han med både i kyrkja og på minnestunda.Men for borna Sigrid-Marthe, Øyvind og Marlen var han først og fremst ein kjærleg far som dei så gjerne skulle sett meir til.Sigrid-Marthe bar på vegner av dei tre borna fram vitnemålet om ein lystig og snill far som skapte glede i heimen, men som hadde så mykje føre seg at han tidvis laut vera glad i dei på avstand. Ho etterlet ingen tvil om at han alltid vil ha ein stor plass i hjarto deira.Johannes må i levande live ha gledd seg storleg over å ha ein familie som alle var svært glade i han. Søstera Aslaug fortalde om den gode broren, som det rett nok ikkje støtt var like enkelt å gå i lag med. Somme tider var det tunge steg. Svigerfaren Robert Skjoldal gav Johannes en eit skussmål mange svigersøner kunne ønskt seg.Mange understreka kor stor pris Johannes Kleppevik sette på det livslange kunstnarstipendet han fekk av heimkommunen i fjor. Ordførar Albrigt Sangolt lova å slåst vidare for dei verdiane Johannes stod opp for i nesten heile sitt 53-årige liv. Sund Blandakor under dirigenten Roald Sangolt song ved opninga i kyrkja "Jesus styr du mine tankar", og etterpå song heile kyrkjelyden Johannes sin eigen tekst "Eg har ein engel med meg på vegen". Då titta sola inn gjennom glasmåleriet på sørveggen i Sundskyrkja. Prestevikar Trygve Hellesøy heldt minnetalen medan fungerande sokneprest Bernt Forstrønen forretta.Etter jordfestinga baud Sund kommune inn til minnestund i Sundhallen. Det var dekka til 300, men det laut dekkast til femti til før alle hadde fått plass. Mange hadde ordet, og alle snakka vakkert — i dikt og prosa - om den kystens heidersmann som no har kasta loss. Det var ei minnestund Johannes en ville ha likt.

MED VETERANBÅT TIL GRAVFERD: Daglig leder for Børs Kafe, Emil Oscar Gjessing, og rundt 70 andre tok turen til Klokkarvik med M/S "Granvin" for å følgja Johannes Kleppevik til siste kvilestaden på Sund kyrkjegard. FOTO: Tor Høvik