Vedtaket blei gjort utfrå økonomiske grunnar. Hammarsland Velforeining syner i si klage på vedtaket til ei uttale frå Verdikommisjonen i Sund og Fjell og Sund lensmannskontor, som begge var samde i at vegen ikkje eignar seg for gåande.

Då det ikkje har vore iverksett tiltak for å forbetre skulevegen, meiner leiaren i Hammarsland Velforeining, Terje Rebnor, at vedtaket om å fjerne ordninga med gratis skuleskyss for elevane til Pollen skule må gjerast om, melder Kystradioen.