Sund SV makta ikkje å stilla lista til valet komande haust. Etter det Kystradioen kjenner til, vil partitopp Per Krogsæther før valet 10. september gå ut og oppmoda SV-veljarane til å røysta på Senterpartiet og deira toppkandidat Harald Nordstrand.

SV-politikarane i Sund meiner at Arbeidarpartiet har lagt seg på ei for høgrevennleg linje til at dei kan tilrå sine veljarar å røysta på det partiet.