Sigh & Explode med Kai Arne på laget, har hatt stor suksess den siste tida. Etter sigeren i NRK si zoom-urørt-tevling, kan dei kalla seg landets beste liveband, av 700 deltakande, og det har hagla med høge terningkast. Aftenposten meiner Sigh & Explode er årets nykomar.

I kulturhuset Fraktgodsen sukka og eksploderte dei for ihuga, unge filmmakarar og råkøyrarar på snøbrett og twintipski. Nyleg har bandet gjort unna ein omfattande Noregsturné, og i mai er dei klare for England.

– Vi knytte kontakt med festivalen The Great Escape under Bylarm i Oslo. På sjølvaste 17. mai skal vi spela på to konsertar i Brighton, fortel Hansen.

Kai Arne er andreårsstudent på eit bachelorstudium i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo. Han er gitarist i Sigh & Explode saman med drammensaren Tobias Backe. Dei tre andre i bandet er frå Oslo; Aleksander Olsen, vokal, Phillip Løken, bass, og Tore Kristian Lie, trommer.

ARNE HOFSETH