• Tre av oss som sat i styret då vi kjøpte «Granvin» i 1988 er om bord samstundes, fortel Ove Walle (65).

Saman med matros Harald Sætre og maskinist Kåre Taule utgjer han halve styret i veteranbåtlaget 20 år tilbake.

— Då var det lasterom her kor salongen er no, fortel Walle engasjert idet han tek seg fram under dekk.

— Veit du kvifor folk blir så oppslukt i desse båtane? spør Walle, og dreg fram ei gammal skrivebok frå 1950-talet.

— Åh, det er jo den typen vi hadde på skulen, utbryt kokke Toril Nikolaisen.

Frå hytta si i på Sellevold har Walle godt utsyn over passerande båtar. Som sjuåring byrja han det møysommelege arbeidet med å krysse av for kvar båt som køyrde forbi, både frå Fylkesbåtane og BNR. Slik heldt han fram kvar einaste sommar heilt til han fylte 17 år.

— Då byrja eg å springe etter jentene i staden, seier han.

Ut frå notata kan ein lese at «Værøy» passerte Walle si hytte 20 gongar sommaren 1953. 1. juli 1956 klokka 19.30 passerte skipet for 100. gang, noko som gav ekstra poeng i skriveboka. Å registrere nattrutebåtane frå Bergen var den største utfordringa.

— Då hende det at eg sovna ifrå.

Viss ein spør, kan 65-åringen også gjere greie for reiseruta til kvar båt.

— Det er litt av eit system, dette! Eg blei jo rekneskapssjef etterpå, seier Walle.

TREKLØVER: Ove Walle, Kåre Taule og Harald Sætre sat alle i styret då veteranbåtlaget kjøpte «Granvin» i 1988. Då han var sju år gammal, byrja Ove Walle å halde oversikt over kva båtar som passerte familiehytta. Skriveboka har han tatt godt vare på. FOTO: MÅLFRID BORDVIK