I ei spørjeundersøking svarar sju av ti at sentrale styremakter handterte situasjonen dårleg eller svært dårleg etter at tankanlegget gjekk i lufta i fjor vår. Gulen kommune kjem betre ut. Tre av ti gjev lokale styremakter karakteren dårleg eller svært dårleg.

— Resultatet fortel at folk ikkje har hatt tillit til oss sentrale styremakter. Dette fortel også at vi har ein jobb å gjere, seier avdelingsdirektør Torill Tandberg i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

_**Les mer:

Dette skal bli betre**_

Informasjon

Det er DSB som har fått utført spørjegranskinga mellom 152 husstandar i nærområdet til tankanlegget. Berre to prosent av dei som har svart, har gitt sentrale styremakter karakteren god eller svært god for innsatsen.

Eit av dei mest oppsiktsvekkjande resultata i granskinga er at heile sju av ti meiner informasjonen rett etter at tankanlegget gjekk i lufta, fortener karakteristikken svært dårleg.

— På mange måtar har spørjeundersøkinga stadfesta det vi trudde. Informasjonen til folk i området og samhandlinga mellom kommunale, regionale og sentrale styremakter var for dårleg, seier Tandberg.

Til styremaktenes forsvar legg ho til at situasjonen i Gulen var svært spesiell:

— Dei store problema etter sjølve eksplosjonen kom uventa. At det som skjedde skulle få så store konsekvensar så lenge, kom som ei stor overrasking på mange av oss. Det var ein ny situasjon, vi har ikkje hatt mange ulukker med eit slikt hendingsforløp tidlegare.

For slapt

Finn Midtbø har arbeidsplassen sin på steinknuseverket i nabolaget der eksplosjonen skjedde:

— Reaksjonen frå styremaktene var for slapp. Hadde denne ulukka skjedd i Bergen, trur eg dei ville stått mykje meir på. På meg verka det som det ikkje var så nøye sidan det skjedde på ein stad der det ikkje bur så mykje folk, seier han.

— Kan du gje døme på kva du meiner?

— Då folk tok til å bli sjuke, burde sentrale styremakter kome sterkare inn. Kommunelegen kjempa på, ære vere han for det, men det blir feil når han blir ståande åleine. Frå andre hald opplevde eg det slik at sjukdomstilfella nærast blei bagatelliserte, seier Midtbø.

_**Les mer:

Helseplager et halvt år etter Sløvåg-ulykken**_

I spørjeundersøkinga har DSB også bedt folk svare på om dei opplevde helseplager. For rundt halvparten av innbyggjarane, altså kring 80 personar, førte stanken som kom i etterkant av eksplosjonen til helseplager. Dette samsvarar svært godt til tala kommunelege Tommy Normann opererte med i fjor sommar.

For seint

Tandberg trur heilskapleg og korrekt informasjon på eit tidlegare stadium, ville gitt ei anna oppleving av situasjonen. Som døme trekkjer ho fram at styremaktene alt dagen etter ulukka kjende til at det var svovelblandingar i tankane som kunne gje lukt— og helseplager.

— Dette kom vi ikkje tidleg nok ut med. Det datt mellom to stolar å gje informasjon. Er det noko vi skal lære av denne saka, så er det at å ikkje gje informasjon er noko av det verste. Vi må ikkje undervurdere informasjonsbehovet hos folk, seier avdelingsdirektøren.

DSB har bedt om eit møte med Eidsbotn vel for å drøfte undersøkinga, men førebels er ikkje datoen sett. Sentrale styremakter skal også ha møte med kommunen om aktiviteten Alexela no planlegg på tankområdet. Selskapet som har overteke eigedomen vil slutte med å ta mot avfall, og bruke tankanlegget til terminal for petroleumsprodukt.

Bergens Tidende