Ein mc-førar pådrog seg brot-skader då han frontkolliderte med ein personbil på E 39 nokre kilometer frå Førde sentrum fre-dag ettermiddag.Ulukka skjedde på ei strekning der ei rekke ulukker siste halv-året har skapt heftig debatt rundt dieselsøl og glatt asfalt.Ulukka skjedde i ein høgre-sving for mc-føraren, der han har mist veggrepet og sklidd inn i fronten på ein møtande VW Golf. Mc-føraren hadde brotskader, men var medviten då han vart frakta til sjukehus i Førde. U-lukka skapte lange bilkøar på E39 mellom Bekkjavatnet og Langeland i Førde kommune.