— Det er vanskeleg å beskriva korleis det er for ei ung jente å mista håret sitt. Hårtapet var traumatisk og eg har hatt mange tunge stunder i etterkant, fortel Vines.

9x5 cm stort sår

Marerittet starta i november 2004. Grunnskulelæraren frå Våge på Tysnes oppsøkte frisørsalongen Hårgalleriet på Lagunen i Bergen for å pynta seg til jul.

— Eg ville ha nye striper i håret. Medan eg sat under varmelampen, kjende eg at det byrja å bli både varmt og vondt i hovudet. Då frisøren fjerna lampen var det så gloheitt at det steig røyk frå håret mitt, opplyser Vines.

Etter ei veke kom smertene for alvor. På Stord sjukehus fjerna legane betent vev frå eit 9 gonger 5 centimeter stort område i hårbotnen til 25-åringen. Brannskadeavdelinga ved Haukeland Universitetssykehus konstaterte tredjegradsforbrenning. Både hår og hårrøter var brente bort og øydelagde for alltid. Romjula måtte ho tilbringe i senga på sjukehuset.

Operasjonar i kø

For kort tid sidan gjennomførte Vines ein tredje operasjon for å skjula skadane. Etterpå var ho sjukmeldt i tre veker. Og enno ventar fleire inngrep.

— Plastikkirurgane på Haukeland jobbar med å dra hår over det skadde området for å skjula hårtapet, opplyser Vines.

Tysnes-kvinna søkte Jussformidlingen om hjelp etter skrekkepisoden, men vart fortalt at ho stod svakt med tanke på erstatning. Ho sendte erstatningskrav til frisørsalongen, dette vart blankt avvist. I staden har frisøren dekkja lege- og reiseutgifter som skaden har påført Vines.

— Me snakkar om 3500 kroner. Eit relativt lite plaster på såret, seier Vines.

— Eg er den skadelidande på alle punkt, og eg har problem med å skjøna at ingen pliktar å ta på seg ansvaret, seier Synnøve Vines.

- Forbrukaren står svakt

Jurist Helga Skofteland i Forbrukerrådet stadfestar at Vines har ein dårleg sak med tanke på erstatning. Årsaka er det norske regelverket. Ifølgje Skofteland står norske forbrukarar svakt.

— Skal du få mènserstatning utover det direkte tapet, må du etter norske erstatningsreglar dokumentera 15% medisinsk invaliditet. Traumer, ubehag og angst vert ikkje tillagt verdi i private erstatningsspørsmål, ettersom det ikkje eksisterer noko heimel for tort og svie. Mange lir på grunn av denne praksisen, opplyser ho.

Felles regelverk

Skofteland fortel at Island og Finland ikkje opererer med nedre grense for medisinsk invaliditet. I Danmark går grensa på 5 prosent.

— I desse landa svir det oftare på pungen for leverandørane av varer og tenester. Etter mi meining er større økonomisk ansvar for leverandørane med til å bidra til betre produkt og eit tryggare forbrukarsamfunn.

Forbrukerrådet ønskjer seg eit regelverk på linje med våre nordiske naboar.

— Me hadde eit møte med justisdepartementet i januar om endring av regelverket. Diverre ser det ikkje ut som at politikarane skjønar alvoret. Det er synd, for dette hastar, seier Helga Skofteland.

TO TØFFE ÅR: - Det er tøft for ei jente å mista håret, og eg har hatt mange tunge stunder i etterkant, seier Synnøve Vines. Ho fortvilar over at ingen tek ansvar etter det dramatiske frisørbesøket.
silje katrin robinson