Barometeret spår ein nedgang frå 39,2 til 30,2 prosents oppslutnad frå veljarane i Voss kommune. Slår dette til, vil ordførar Bjørn Christensen missa fem av sine 18 mandat i kommunestyret.

Sp strevar også

Situasjonen blir ikkje betre av at samarbeidspartnar Senterpartiet står i fare for å tapa to av sine ni mandat.

Den andre samarbeidspartnaren, Venstre, vil etter Opinion sine tal kunne halda fram med to representantar i Voss kommunestyre.

Slår meiningsmålinga til på valdagen, vil «Den store koalisjonen» som Christensen har samla rundt seg, framleis ha fleirtal i kommunestyret, men overvekta har skrumpa inn til eitt einsleg mandat. Frå 29 mot 14 røyster, til 22 mot 21. Trøysta må vera at «opposisjonen» spriker såpass breitt politisk, frå RV til Frp, at dei neppe greier å samla seg om ein motkandidat. Bjørn Christensen kan vera ganske trygg på attval, sjølv om valresultatet vert enda verre for «storkoalisjonen» enn meiningsmålinga tilseier, og fleirtalet skulle ryka.

SV «vinnaren»

Opinion sine utvalde intervjuobjekt på Voss utropar SV til partiet med desidert størst framgang. 15,3 prosent av dei som ville ha røysta om det var val i morgon, sa at dei ville bruka SV sin setel. For fire år sidan, var det berre 6,4 prosent som faktisk gjorde det. Meiningsmålinga spår at talet på SV-politikarar i Voss kommunestyre aukar frå tre til sju. Så mange har partiet aldri hatt før.

Det er først og fremst Ap og «heimesitjarpartiet» som misser veljarar til SV, men nokre vert også kapra frå RV, som på si side hentar inn att frå Sp og Frp slik at det einslege RV-mandatet kan vera sikra.

Høgre (no fire mandat) og Framstegspartiet (no tre) er i framgang, og kan koma inn med fem mandat kvar. KrF ligg an til status quo for sine tre mandat.

Ikkje baklengsrekord

Hundreårsjubilerande Voss Arbeidarparti har lenge stått sterkt i ein landbrukskommune med fint lite industri. Skiferarbeidarar, jernbanefolk og tilsette i forsvaret danna grunnfjellet. I første perioden etter samanslåinga med Vossestrand og delar av Evanger i 1964 fekk partiet 20 av 43 mandat. Seinare har dei ved fleire val oppnådd 18-19. Men den gongen stod Ap langt sterkare enn i dag på landsbasis. Då partiet ville kvitta seg med den folkelege ordføraren Peder Vangsnes, fekk dei veljarane mot seg. Botnen vart nådd for Ap då Vangsnes stilte eiga liste. Dagens meiningsmåling er langt betre. Siste val gav eventyrleg framgang med Bjørn Christensen som forgrunnsfigur, tett oppunder 40 prosents oppslutnad, og opp att i 18 mandat. Det er milevis betre enn den sentrale partisekretæren Martin Kolberg kan visa til. Han var på Voss i helga for å kasta glans over jubileet og setja fart i valkampstarten.