To testdropp frå 55 meters høgd har styrkja Schat Harding i trua på at den nye og kraftig modifiserte livbåttypen FF1200. Den tidlegare høgderekorden er slegen med to meter.

— Teststupa viser at båten har styrken den treng i både skrog og overbygg. Målingane viser óg at g-kreftene er akseptable, takka vera ny design, nye sete og setebelte, seier Schat Harding-sjefen Ove Røssland til kvinnheringen.no.

Eit stup frå 55 meter gjer at båten går 11 meter under havflata.

Livbåtfabrikken i Kvinnherad går etter ferien i gong med å produsera dei ti første bestillingane av FF1200 for norske oljeinstallasjonar.

Den 23 tonn tunge glasfiberbåten med plass til 70 personar er eit resultat blant anna av det store livbåtprogrammet i regi av Oljeindustriens Landsforening (OLF), etablert etter at alvorlege manglar blei avdekt på stuplivbåtar offshore.