Livbåtprodusent Schat-Harding viste torsdag det første stupet med siste generasjon livbåt. Den er bygt etter alle nye krav frå norsk oljeindustri og overgår med god margin internasjonale minstekrav.

– Dette ser lovande ut. Ein klart betre båt enn dei tidlegare, seier Hans Skeide etter eit demonstrasjonsstup i Rosendal i går. Det skjedde frå 22 meters høgde. Neste veke startar testar i regi av Marintek på opp til 55 meter.

Les også: Avslørte livbåt-svikt

– Vi kjem til å pressa på for å få bytta ut flest mogleg med nye. Men det kjem til å sitja langt inne. Det avheng av prisen. Dessutan er nyebåten for tung for enkelte installasjonar, seier Hans Skeide.

Den nye glasfiberbåten veg 21,5 tonn og tek 70 passasjerar. Skilnaden frå tidlegare modellar er kraftig auke i motorkrafta, større plass om bord, nye og større sete, nye setebelte, og ny skrogdesign.

– Vi er no spente på om testresultata stemmer med dei omfattande modelltankforsøka som er gjennomførte, sa administrerande direktør Ove Røssland og marknadssjef Per Einar Gjerding på visninga av båten som det ifølgje Røssland har kosta «fleire titals millionar kroner» å utvikla.