I samarbeid med Universitetet i Bergen tilbyr akademiet studiar i byggeskikk og bygningsvern, organisert i to emne, kvart på 15 studiepoeng.

Studia høver for dei som driv reataurering, vedlikehald og vern av gamle bygningar, for eigarar av gamle bygningar og for tilsette i kulturetatar, på skular og museum. Dei er også opne for studentar ved universitetet og høgskular.

Studentane skal samlast på Tvildemoen torsdag og fredag i ei veke i kvar månad utover hausten, og avslutta med eksamen i desember. Opplegget er med andre ord som vidareutdanning som kan kombinerast med å vera i arbeid.

Kåre Herfinndal og Vestnorsk Kulturakademi har tidlegare arrangert kurs i grindbygg. Nå tilbys studiar i byggeskikk og bygningsvern. ARKIVFOTO: ARNE HOFSETH