Dei fire studentane i sofakroken på kontoret til Norsk Studentunion i Bergen er skeptiske til at universitetet tener pengar, kvar gong ein av dei står til eksamen.

— Kvar student med ståkarakter er rein netto for Universitetet i Bergen, seier den eine, Geir Pollestad, som er leiar i NSU-Bergen.

— I utgangspunktet har vi sjølvsagt tillit til at universitetet ikkje senker faglege krav, for at fleire studentar skal bestå eksamen. Men hundre prosent sikre kan vi aldri vere.

— Det er greitt, dersom universitetet tener pengar på å forbetre undervisninga, og lære bort meir kunnskap. Men ikkje dersom dei tener pengar berre på å gje folk «bestått», seier Guro F. Haraldsen.

Studentane i den svarte skinnsofaen fryktar «bukken til havresekken»-effekten.

— Det er ikkje heldig, når dei som lærer bort, er dei same som gjev karakterar og har som mål å få folk gjennom, for å tene fleire pengar, seier Einar Jordheim Bovim til BT.

— Dersom det vart oppdaga at vitskaplege miljø fell for freistinga og senker krava, for at fleire studentar skal stå på eksamen, ville det få katastrofale konsekvensar for miljøet, trur Eirik Løkke.

Studentane diskuterer fordelar og ulemper ved obligatorisk undervisning, gruppearbeid og nyttetenking i faget, som er blitt meir utbreidd enn tidlegare.

— Universitetet leier studentane gjennom studiet i større grad enn før. Evne til sjølvstendig tenking viser ikkje att på eksamensbordet. Det er dei som gulpar opp sanningar frå lærebøkene som får løn/påskjøning på eksamensdagen.