Tone Skrudland var på jobb på studentstaden Meieriet kvelden før drapet. Etterpå var ho med på å rydde opp. Klokka 0220 tok ho drosje heim til bustaden i Navarsetevegen. Ho var heime to minutt seinare. Tidspunktet er sikkert fordi kvinna tok vare på drosjekvitteringa.

— I Navarsetevegen køyrde vi forbi ein mørkhuda mann. Han var 180-190 cm høg, ganske kort hår og hadde ei sennepsgul skinnjakke.

— Hadde du sett denne mannen før?, spurde aktor Bjørn Soknes.

— Ja, eg så han på Meieriet på konserten. Han var saman med ein mann eg kjenner som Joseph, svarde vitnet.

— Tiltalte i denne saka har vore avbilda i fleire aviser. Kjende du han igjen?

— Ja, eg gjorde det. Eg er nesten 100 prosent sikker på at det var han.

Skrudlands vitneprov i tingretten er ein heilt ny opplysning i saka. Det har tidlegare ikkje vore kjent at det har vore så sikre observasjonar av tiltalte etter at dei to gjekk saman mot folkehøgskulen.