— Stryn har eit unikt utgangspunkt. Det er ei glede å sjå kva denne kommunen i Sogn og Fjordane har fått til, seier kommunalminister Erna Solberg til Bergens Tidende. Ho stod for den offisielle opninga.

— Den lokale kapitalen som har stilt opp har vore avgjerande for å få dette til, seier Solberg.

Alt ved opninga hadde 13 bedrifter flytta inn i næringshagen. Dette er små bedrifter som i tett nettverk med eit 15-tals mellomstore og store bedrifter i Stryn gjer nordfjordkommunen til ein komplett industrikommune.

Dette poenget vart vektlagt av fleire av talarane under opninga. På den lange talarlista stod bankar, SND- og SIVA-sjefar fram og understreka det store potensialet for hausting frå næringshagen. Bakgrunnen er at Stryn i dag har ein av dei tettaste konsentrasjonane av små og mellomstore bedrifter, og blant dei ti kommunane i landet med størst industrisysselsetting i høve til folketalet.

Medan oppseiingar, utflagging og konkursar skyller inn over landet går Stryn motstraums; skaper nye jobbar. Alt ved opninga av SIVA-næringshagen i energibygget i Stryn står derfor nye aktørar klar til å flytte inn i det som er att av ledige lokale.

Harald Ynnesdal frå SIVA, som er medeigar i næringshagen understreka kvifor Stryn har lukkast: - Det er ikkje nye hus det dreier seg om, det er innholdet (gründerar lokalt, red.anm.), sa Ynnesdal.

— Stryn er eit industrisentrum i fylket, og eit reiselivssentrum, og med sterke industriklynger. Dette lovar godt for SIVA-næringshagen, sa Ynnesdal.

Ein tydeleg imponert fylkesordførar Nils R. Sandal understreka at næringshagen er skapt av ei uvanleg sterk gründerånd. - Ein festdag, honnør til dei skapande kreftene som gjennom fleire år har jobba for å få fram næringshagen, sa Sandal.

— Utan trøkket frå Stryn Næringssamskipnad hadde det ikkje vore mogeleg å få til dette sa ordførar Nils Petter Støyva.

OPNA NÆRINGSHAGE: Kommunalminister Erna Solberg og Ottar Borch-Nilsen i Reiselivsutvikling A/S, ei av dei 13 bedriftene som er etablert i Stryn Næringshage.<br/>Foto: ØYSTEIN TORHEIM