Fem ulike tilsyn i fjor sommar fann alvorlege avvik med kilometerlange tunnelar på det viktigaste vegsambandet langs vestlandskysten.

Under ei øving i den eine av tunnelane nokre månader seinare, blei det oppdaga ytterlegare svikt i tunneltryggleiken.

Summen av det som blei registrert på tilsyna, gjer at ordførarane i dei to kommunane reagerer. Dei har sendt uromelding til Statens vegvesen.

— Det er vist fleire avvik knytt til lov om brannvern og føresegn om HMS (helse- miljø og sikkerheit). Vi er bekymra, skriv ordførarane Karstein Totland i Masfjorden og kollegaen Hallvard Oppedal på nordsida av fylkesgrensa.

2391 meter bratt

Sjølv i tredjegir slit eit sliten motor på min like slitne Passat med å halde seg under fartsgrensa. Også frå bilane før meg lyser raude bremselys opp tunnelveggene.

Oppover stampar eit vogntog i ein fart på kanskje 30 kilometer. På halen ligg ein hale av personbilar.

For Jernfjelltunnelen er 2391 meter bratt. Frå Kringla, knappe 250 meter over havet i Gulen, stuper E39 gjennom fjellet og ned til brua over elva som renn frå Hopsvatnet til Haugsværfjorden i Masfjorden.

Fylkesgrensa går midt inn i tunnelen.

Vi er altså i grenseland, faktisk i dobbelt forstand. For ikkje berre markerer vegtunnelen skiljet mellom to fylke, det er også ein tunnel som grensar til det uforsvarlege.

To aksjonar

— Vi har hatt ulukker inne i desse tunnelane, også med røyk- og brannutvikling. Så langt har slumpen redda oss. Dersom det skjer ei alvorleg ulukke her, har vi eit alvorleg problem, seier Steinar Kvinge.

Brannsjefen køyrer gjennom tunnelen der eit mannskap på nærare 60 personar øvde på ei alvorleg ulukke 26. september i fjor.

Scenarioet var ei bussulukke med eit stort tal skadde passasjerar, og brann i ein personbil. Bergens Tidende har fått innsyn i rapporten frå ulukka. Her er konklusjonen:

"Øvelsen avdekket at manglende radiokommunikasjon i tunnelen og dårlig radiodekning utenfor var et stort problem for innsatsstyrkene.

Brannventilasjonen var for dårlig, mye røyk kom nedover i tunnelen. Innsatsstyrken på nordsiden kunne ikke kommunisere med de på sørsiden.

Det ble i praksis to separate redningsaksjoner”.

Dei som tok seg inn i tunnelen for å berge menneskeliv, hadde altså ikkje samband ut. Mannskapa på kvar side hadde ikkje samband med kvarandre.

Røyken dreiv nedover

I tillegg fungerte altså ikkje ventilasjonsanlegget. I nordenden, på høgaste punktet, har Jernfjelltunnelen fire vifter.

Dei er plasserte her etter teorien om at varm luft vil stige oppover.

Men det motsette skjedde. Røyken frå den simulerte tunnelbrannen seig nedover og inn i tunnelen.

— Vi frykta det, fordi vi har høyrt det skje andre stader. Faktorar som trekk og vindretning gjer at slikt kan skje. I tillegg er viftene grovt underdimensjonerte. Dei er bygde for å takle eksos, ikkje røyk frå ein brann, seier brannsjefen.

Dårleg med lys

Nokre månader tidlegare hadde Nordhordland og Gulen interkommunale brannførebyggjande avdeling (NGIB) hatt tilsyn i fem tunnelar mellom Knarvik og Oppedal.

Både i Jernfjelltunnelen, Trodaltunnelen, Matrebergtunnelen, Masfjordtunnelen og Bjørsviktunnelen i Lindås blei det avdekt store manglar.

— Mest alvorleg er det som går på samband og ventilasjon. Våre sjansar til å gjennomføre ein redningsaksjon blir sterkt avgrensa. Dermed minkar også folks sjanse til å overleve, seier Kvinge.

Bortsett frå Masfjordtunnelen manglar alle tunnelane samband. Jernfjelltunnelen og Masfjordtunnelen er dei einaste som har ventilasjonsanlegg, men viftene i førstnemnde viste seg altså å fungere dårleg.

I Trodal- og Matrebergtunnelen blei det under tilsynet også konstatert at veglysa inne i tunnelen var dårlege.

Brannfarleg skum

I alle tunnelane er det udekt skum av polyethylene (PE). Materialet har vore brukt i stor utstrekning for å isolere norske tunnelar mot frost. Problemet er at PE-skum er ekstremt brannfarleg.

Under ei ulukke i Hovdentunnelen i Høyanger i 1993 tok PE-skummet fyr. Varmeutviklinga blei enorm, truleg var det langt over 1000 grader inn i tunnelen då det brann som på det heitaste.

I tilsynsrapportane heiter det at udekt PE-skum kan utvikle ein kraftig og uakseptabel brann ved ei ulukke.

Konsekvensen vil vere ein livstruande situasjon for menneske som oppheld seg i tunnelen.

Det må utarbeidast aksepkriteria for kor lenge PE-skum kan tillatast, og ein plan for når all PE-skum skal tildekkjast.

Samfunnets val

— Mi uro er at dersom vi får ei stor ulukke, må vi som skal berge liv stå utanfor tunnelopningane og sjå på. Om samfunnet meiner det er OK at menneske døyr i ei ulukke inne i ein av desse tunnelane, så er det eit val samfunnet gjer, seier brannsjef Sigvald Kvinge.

— Kva tenkjer du om det?

— Eg syns det er forferdeleg og uforsvarleg. Vi har opplevd tunnelulukker i Europa med titals omkomne. At det ikkje har skjedd her i landet, er berre tilfeldig. Risikoen er overhengande. Og for meg som brannsjef er det belastande å tenkje på.

BERRE EI ØVING: Ein skadd busspassasjer blir teken hand om inne i Jernfjelltunnelen. Øvinga i september avdekte store manglar med samband og ventilasjon i vegtunnelen på fylkesgrensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. FOTO: PRIVAT