Kirurgen som brukar kniven til å fjerna snorking og andre søvnvanskar, har bygt opp ei sjukehuseining som er eineståande i Norden.

Før helga markerte dei innflytting i nye lokale, i tredje høgda i internatet på fylkeskommunale Rogne vidaregåande skule. Øyre, nase og hals-avdlinga ved Voss sjukehus har med andre ord ikkje flytta særleg langt.

— Vi valde namnet Voss sjukehus, avdeling Rogne, fordi vi kan få fleire aktivitetar i denne bygningen, røpte sjukehusdirektør Rolf Abrahamsen. To etasjar til står ledige.

Med 15 sengeplassar har Voss fått det største tverrfaglege søvnsenteret i Norden. På Haukeland hadde dei kapasitetsproblem med å få det til. Ullevål har problem med drifta fordi mange andre oppgåver har prioritet.

På Voss går søvnhjelpande utgreiingar og inngrep unna nærast etter samlebandprinsippet. Dei kalkulerer med 2400 pasientar/liggedøgn i året. Om lag 70 prosent av dei som kjem til utgreiing, vert operert. Det betyr ti pasientar pr. dag i 30 driftsveker, eller 1500 liggedøgn.

Dei som ikkje får operasjon, vert vonbrotne, men Tvinnereim ser ikkje bort frå at nyvinningar kan hjelpa dei seinare. Ombygginga har kosta om lag tre millionar kroner, og det er kjøpt inn utstyr for to millionar kroner til.