Brakestrø på golvet og halmkruner i taket. Ei oldergrein festa på ein krakk. Dette var julepynt i Fusa i gamledagar.

I 1950 sende Norsk Etnologisk Gransking ut spørjeskjema til kontaktpersonar i norske kommunar for å få kunnskap om juleskikkar rundt om i landet. I gamle Fusa kommune var Hans Chr. Ekeberg (1886-1964) frå Fusa kontaktperson, i Strandvik kommune Kari Haga (1892-1957) frå Baldersheim og i Hålandsdal kommune Anders Solaas (f. 1899).

Hakka brakje

Før juletreet vart vanleg, strødde dei frisk finhakka brakje på stovegolvet og ganggolvet rundt om på fusagardane.

”På golvet i stova brukte dei før hakka einebar, som dei bar inn julafta,” fortel Anders Solaas. ”Me hugsa kruner laga av fine halmstrå, farga papir og tråd. Ei enkel av desse kunde hanga ned frå taket, helst i bestestova.”

Juletre

Juletre vart teke i bruk rundt 1885-1890 i Fusa. ”Det fyrste joletre eg kan minnast i min barneheim, var ei grein av ei older (or) som far feste i ein liten skammel og feste ein nokre talgljosstubbar på til ljos. Eg hugsar ikkje til det har vore slik jubel kring joletre seinare i min heim som ved mitt fyrste joletre av ei oldergrein,” fortel Hans Chr. Ekeberg.

”Det fyrste ein veit om at nokon hadde joletre her var kring 1885. Det var skulelærar Lars Årvik som fyrst tok til med det i heimen sin,” fortel Kari Haga.

Først seinare vart det vanleg med juletre i offentlege samanhengar, på festar og i kyrkja. Juletrefest vart eit omgrep på Baldersheim frå 1915. ”Den fyrste joletrefesten her i bygdi var joli 1915. Då stelte godtemplarlosjen til joletrefest for borni,” fortel Kari Haga. I Hålandsdalen vart juletrefestane skikk først på 1920-30-talet, fortel Anders Solaas. Og då han sende sine svar til folkeminnegranskarane i Oslo i 1950, hadde det aldri vore juletre i kyrkja i Hålandsdalen, fortel han.

Eple og papirpynt

Korleis vart treet pynta dei første åra?

”Papirpynt kom i bruk samstundes med joletreet,” fortel Kari Haga. ”Då tok ein til å laga duskar av kulørt papir til å festa under lampa, feste grøne greiner med papirrosettar i kring bilete på veggene og slikt. Det var mest borni som fekk stella til soleis. Bol Haga (f. 1875) fortel at dei fyrste joletrei ho hugsar, var der ikkje ljos og kulor på. Dei var pynta med papirlekkjer og med papirkorger som der var nater og kandissukker i, og so hengde dei epler på. Borni tykte det vart stor stas då dei kring 1890 fekk ljos og kuler til å ha på joletreet.”

Hausta juletre

Då jula var over og pynten skulle ryddast ut, vart juletreet hausta. Dette var borna i huset si oppgåve.

”Dette med å hausta joletre går meir av moden her i bygda no,” fortel Hans Chr. Ekeberg i 1950. ”Tidlegare var det meir brukt. Då hengde dei eple, jolekringler, appelsiner o.l. på joletreet. No er det omlag slutt med. Dei pyntar joletre med anna glitterstas, bomull og ljos. Men der dei brukar å hausta joletre, er det borna som får den moroa.”

Julesongar og salmar

Både born og vaksne gjekk rundt juletreet og song julesalmar etter at dei hadde kveikt talglysa på treet og i stakane julaftan.

Julesongane var både nasjonale og internasjonale – nett som juletreskikken – men med lokalt særpreg. Ein julesong som har vore nytta i Fusa-bygdene, er Landstadsalmen ”Nu flinteskud og klokkeklang" til ein norsk folketone. I band III av bygdeboka for Fusa 1900-2000 ”Heilt andre tider” finn me han som julesong frå Fusabygdene, slik me har fått han overlevert etter Edvin Ragnhildstveit. Med denne julesongen ønskjer eg lesarane ei riktig god jul!

Nu flinteskud og klokkeklang

forkynder jul,

og kornet settes ud paa stang

for himlens fugl.

I hytten pudser armods søn

sin bedste pjalt

og priser glad med takk og bøn

sin Gud for alt.

Fra kirkespir igjennem dal

gaar helligt bud:

”Med fattig rigmand dele skal

til fest for Gud!”

Og himlens store klare rund

med stjernekrans,

den lyser ned i samme stund

med hellig glans.

Saa vær velkommen julekveld

og himmelgjest!

Du er de rene gleders væld

og aanders fest.

Julebesøk med eple og neter på Tveitnes i Hålandsdalen på 1960-talet.
Juletre i Skår ved Baldersheim 1948.
Jul hjå familien Samnøen i Eikelandsosen i 1916.
Jul  i Engjavik på 1950-talet.
Juletrefest i barnehagen på Skjørsand 1982.
Julekonsert i Hålandsdal kyrkje, med juletre, 1990.