EYSTEIN RØSSUM

eystein.rossum@bt.no

Etter lang og hard tautrekking med huseigaren, ga foreininga Positiv Fritid og den tilhøyrande strippeklubben opp kampen denne veka.

— Ja, vi har flytta ut. Nå veit vi ikkje heilt korleis det blir. Tinga våre er pakka ned og står på lager, seier Ronny Landro, mannen som har fronta Club Erotica.

«Sexklubb er heilt ut»

Huseigaren Veidung Energi AS har i lang tid prøvd å bli kvitt strippeklubben. Huset vart seld i vår, og arbeidet med å få namsmannen til å kaste ut klubben vart sett i gang.

Landro ville ikkje flytte før han hadde fått ein million kroner, som kompensasjon for investeringane dei har gjort i kjellaren. Pengekravet har han ikkje nådd fram med.

— Vi vart ikkje samde, det blir vi først når vi har fått oppgjer av huseigaren. Men vi er ute, seier Landro.

Han jaktar nå på nye lokale, og har også endra planane sine.

— Sexklubb er heilt ut. Vi satsar på ein vanleg strippeklubb heretter, ingenting meir. Og neste gong blir det også i litt meir ordna former, seier Landro.

Gravdalsveien 11 var ikkje godkjent som selskapslokale, og skjenkjeløyve var det også dårleg med.

Strippescene til sals

Landro veit ikkje når klubben kan vere på beina igjen.

— Vi kan ikkje gi oss så lett. Men først skal eg ha eit par månaders ferie. Vi tek det med ro i sommar. Det er ikkje aktuelt å opne igjen før til hausten, seier Landro.

— Har de planar for kvar det kan bli?

— Planar har vi alltid. Men ingenting er bestemt, seier Landro.

FAV Gruppen AS, som har stått for utleiga av Gravdalsveien 11, er godt nøgde med at kjellaren er tømt.

— Dei har tatt med seg alt lausøyret, og alt ser greitt ut. Det er berre bardisken, nokre benkar og strippescenen som står att. Den kan du få kjøpe billeg av meg, seier driftsleiar Odd Fondevik i FAV Gruppen.