Fleirtalskollektivet i Hordaland fylkeskommune satsar stort på kollektivtransporten neste år. Men ordninga gjeld ikkje intern trafikk i Bergen.

For 14 millionar kroner ekstra på 2007-budsjettet tilbyr fylkeskommunen:

  • Ti prosent billegare pendlarkort.
  • Framleis 330 kroner for ungdomskort, som vart 20 kroner billegare 1. august i år.
  • Takstfrys på einskildbillettar for femte året på rad.
  • Fjerning av takstsonen for Nordhordlandsbrua.

Strilekort for alle strilar

– Eg er glad for at vi har fått til dette, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg til Bergens Tidende.

Ho trur at prisane er eit sterkt insitament for å få fleire til å ta bussen.

– Vi har berre ikkje hatt pengar til ei slik satsing før, seier ho.

KrF-ordføraren har samarbeidspartnarane Høgre og Frp med på laget. Dermed er fleirtalet sikra i fylkestinget.

– Vi får no eit strilekort for alle strilar, kommenterer fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen (H).

Særordninga med redusert pris på bussen over Nordhordlandsbrua, etter avviklinga av bompengeordninga, fell bort frå årsskiftet. På den andre sida vert den ekstra takstsonen for brua fjerna. Dermed er halve «rabatten» intakt. Innføring av særordning når bommen vert fjerna på Askøybrua er uaktuelt.

– På lang sikt kan vi ikkje leva med ordningar der folk må dokumentera kvar dei bur for å løysa billett på bussen, seier Nilsen.

Haldningsendring

Bergen har for tida eiga prøveordning for kollektivtrafikken. Fylkesordføraren legg ikkje skjul på at ho gjerne skulle hatt handa på rattet også på bussane som opererer innanfor bygrensa.

Ungdomskortet gjeld ikkje berre på buss, men også tog, ferjer og snøggbåtar i heile fylket, og vel så det. Skuleelevar i Sunnhordland kan bruka kortet til Haugesund.

– Ungdomskortet er ein viktig reiskap for å få til ei haldningsendring. seier leiaren i samferdsleutvalet, Gustav Bahus (Frp).

Han meiner det er lettare å få folk til å ta bussen når dei er vande med det frå ung alder. Det er verre å «omvenda» folk som har sett seg godt til rette i privatbilen.

Tom-Christer Nilsen vonar at lågare bussbillettar kan få askøyværingar til å tenka seg om, enda ein gong, før dei kjøper bil, i alle fall bil nummer to, når Askøybrua blir bompengefri.

Koalisjonen som styrer i fylkeskommunen er redd for at det blir lange bilkøar på fleire av innfartsårene til Bergen i 10-15 år framover. Difor må det satsast på kollektivtrafikken. Prisen må freista folk bort frå bilkøene, og på vegane må det vera framkomeleg for bussane.

Meir effektivt billettsystem kan ventast innført i 2008.

PAUL SIGVE AMUNDSEN