— No er vi så opptrekte her ute at kva som helst kan skje. Her slit og strevar vi og tøyer og strekker i elle retninger for å få endane til møtast. Staten legg på oss det eine åket etter det andre. Det einaste vi har att, er store problem med økonomien, seier Sangolt til Bergens Tidende.

Reiser bust

I framlegget til statsbudsjett varslar regjeringa at ferjesambandet Hjellestad-Klokkarvik, medrekna øyane Bjelkarøy og Lerøy i Sund kommune, kan verta nedlagt frå årsskiftet. Då går nemleg løyvet til ferja "Fjordgar" ut.

— Men det er ei grense for kor lenge dei kan behandla oss slik. Tek dei frå oss ferja mellom Klokkarvik og Hjellestad, kjem strilen til å reisa bust. Då vert det aksjonar, seier Sund-ordføraren.

Redde for rekninga

Det skal i alle fall ikkje stå på fylkestinget. Då tingseta opna tirsdag, delte varaordføraren i Sund, Sigrun Sangolt Natås, Uavh., ut eit opprop til den nye regjeringa og det nyvalde Stortinget med ei sterk oppmoding om å syta for framhald i ferjesambandet.

Oppropet vart lova sterk stønad frå dei andre partia, og med god grunn. For dersom ferja vert nedlagt, har dei som bur på Lerøy og Bjelkarøy krav på skyssbåt, og rekninga for den er fylkeskommunen som må betala.

PÅ SKOLEVEI: Sanne og Niky Lerøy og Thomas Tyssøy til venstre går trygt over fergelemmen på vei hjem fra skolen. Fergebillettør Karsten Skapa til høyre. FOTO: HELGE SUNDE
FOTO: HELGE SUNDE