Det vedtok fylkesutvalet no i ettermiddag.

Men strilekortet vert ikke innført på Askøybrua når ho vert gratis seint i haust.

Då er det for kort tid att av året, meinte fleirtalet i fylkesutvalet.

Forslaget som vart vedteke, var eit fellesforslag frå KrF, H og Frp.

Det fekk støtte frå opposisjonen etter at både Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre fremja eigne forslag som på ulikt vis gjekk ut på at halda fram ordninga med strilekortet.

Opposisjonen meinte og at miljøkortet burde innførast på Askøybrua frå den dagen brua er gratis.