No blæs dei til kamp nordom brunæ. Fyrste slaget står 12. november når samferdsleutvalet skal gje innstilling til fylkesutvalet. I saksframlegget tilrår fylkesrådmann Paul M. Nilsen at Mongstad, Vindnesskarven og Bogøy vert strokne frå det vidare planarbeidet.

Lindåsordførar Astrid Aarhus Byrknes, Haakon Matre, leiar i Regionrådet for Nordhordland og Svein M. Nordvik frå Nordhordland Handverk— og Industrilag skjønar ikkje at dei fire-fem andre stadene som fylket ser på kan by Mongstad seriøs konkurranse.

Og kanskje får dei rett til slutt. Politikarane avgjer. Etter planen skal fylkestinget gjera endeleg vedtak på ny godshamn for Bergen hausten 2009.

Ingen konfliktar

På Mongstadbase strekkjer kaiane seg uendeleg langs Fensfjorden. Ei rad bedrifter har slått seg til her. Stålrøyr, boreutstyr og kablar i alle tenkjelege dimensjonar ligg stabla kvar du snur deg. Her handlar alt om offshore, altså om olje- og gassverksemda til havs.

Mongstadbase har ikkje plass til storhamn for Bergen. Men rett over gjerdet, på det lett kuperte utmarksarealet mellom Mongstadbase og oljeraffineriet til StatoilHydro arbeider selskapet Mongstad Vekst med tilrettelegging for ny næringsverksemd.

— Området er som skapt for ny storhamn. Ferdig regulert til næringsføremål og lett å byggja ut. Og så har vi ingen konfliktar mot bustadområde og nærmiljø, seier Astrid Aarhus Byrknes.

Artikkelen held fram under grafikken.

— Et godt alternativ

— Her er mykje av infrastrukturen alt på plass. Gode vegar heilt fram og eit etablert industri- og næringsmiljø, seier Svein Nordvik.

Fylkesadministrasjonen meiner akkurat det same som ordføraren og industrimannen. Slik står det i forslaget til planprogram:

«På Mongstad er Bergen havn allerede inne, og alt ligger meget godt til rette for en videre utbygging på stedet. Her er rikelig med arealer både for selve havnevirksomheten og for andre som ønsker samlokalisering med havna. Her finnes det meste av infrastrukturen. Det er teknisk enkelt å videreutvikle og utbyggingskostnadene vil defor bli relativt lave. I så måte representererMongstad et godt alternativ, som det også vil være sterke samfunnsmessige interesser knyttet til.»

Berre skryt, altså.

For langt frå Bergen

Men så kjem det:

«Markedsmessige vurderinger tilsier imidlertid at dette for brukerne av Bergen havn ... vil være et dårlig alternativ. Avstanden fra Bergen sentrum er for stor og godstyngdepunktet ligger i aksen sør for Bergen sentrum.»

— Dette er meiningslaust, seier Svein M. Nordvik. CCB-basen på Ågotnes i Fjell er kanskje det alternativet som best kan samanliknast med Mongstad, med ein del etablerte hamnefunksjonar. Men det spørs kor last og containerar skal fraktast. Tar vi til dømes Åsane, så er det maksimum tre kvarter dit frå Mongstad når Nyborgtunnelen er ferdig. Det er om lag same køyretid som til Ågotnes, seier Svein Nordvik.

— Så vidt eg kan skjøna er CCB-basen på Ågotnes også litt inneklemt med bustadmiljø og riksveg tett innpå. Der er ikkje slike vidder å ta av til utviding som her på Mongstad, seier Nordvik.

Tog via Modalen

— Mange meiner og at ei storhamn for Bergen må kunna knytast til jernbanenettet. Ser de for dykk jernbane til Mongstad?

— Kvifor ikkje? Vi er då landfast. Ei jernbaneline kan byggjast frå Mongstad via Ostereidet og Modalen til Bergensbana ved Dale, seier Astrid Aarhus Byrknes.

Saman med Haakon Matre vil Lindås-ordføraren ta opp den politiske kampen for Mongstad som godshamn.

Transitthamn

Tryggingssjef Kjell Fagna på Mongstadbase peikar på at ikkje alt godset som kjem med skip til Mongstad nødvendigvis skal fraktast derfrå på hjul. Omlasting for vidare frakt nordover eller sørover er og aktuelt.

— For skipslaster som kjem frå Nordsjø-landa eller endå lengre borte frå, spelar det elles liten rolle om turen til Mongstad tek litt lengre tid enn for eksempel til Ågotnes. På den andre sida ligg Mongstad svært gunstig til med tanke på framtidig skipstrafikk nordover og kanskje gjennom nordaustpassasjen til Asia, seier Kjell Fagna.

Kva synest du om hamneplanane? Sei di meining i feltet under!