«To framande bilar parkerer midt inne i skogen ved Hodnelandsvegen i Lindås. Dei to karane er ikkje åleine, bygdefolk frå Hodneland og Hodnekvam er på post for å møta dei. Det er krigstilstand. Dagen er 16. oktober 1974, klokka er ti om morgonen. Det rår ei nervøs stemning i skogen. Dei to mennene er Dag Roti frå NVE og Terje Aasen frå Blom oppmåling. Dei har ein liten båt på taket og skal bere den mellom seg ned til Austevatn. Dei går nokre meter og vert møtt av ein levande mur. Eit titals av dei fastbuande stengjer vegen. Framandkarane set båten ned for å skifta tak, då stig tre kraftige karar oppi båten og sit seg ned: Harald Hodneland, Olav M. Hodneland og Nils Hodneland. Det vert ikkje sagt mange orda, men etter ei stund reiser Olav seg og slår Dag Roti på venstre skulder med ei kraftig neve og seier: «Forstår du no at me meiner alvor?». Mannen frå NVE i Oslo forstår alvoret, i denne stunda misser han trua på at det vert noko av oppdraget han skal gjere i Nordhordland. Men han kan ikkje gje tapt, så han lovar å koma att neste dag — med lensmannen. Båten vert lagt på biltaket att og framandkarane køyrer vekk.»

Ramma 20 hus og gardar

Slik er eit av slaga i strilekrigen på Hodneland i Lindås skildra i boka «Strilekrigen mot atomkraft, ei soge om sivil ulydnad» av Bjarne Åsgard frå 1994.

Men det starta fleire månader tidlegare - på Ostereidet.

Det kjem som eit sjokk på folk då dei i 1973 får sjå kva kjernekraftplanane vil gjere med bygda. Fire atomreaktorar er plasserte inn på platået der gardstuna ligg og dekkjer det meste av garden Eidatræ. 20 hus og gardar ligg innanfor planområdet. På Ostereidet har planleggjarane frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) funne at forholda er ideelle med kort veg til sjø og kai og til ferskvatn. Planen er trykt i 1972, men det går eitt år før dei som eig jorda får sjå karta.

Hustelefon og walkietalkie vart brukt til å informere aksjonsleiinga om kvar NVE-folka til ei kvar tid oppheldt seg.

No er det førti år sidan kjernekraftstriden toppa seg ved Austevatnet i Lindås. Folket på Ostereidet organiserer seg, det blir halde møte og sett ned arbeidsutval, som systematisk opplyser folk om planane i folkemøte og i aviser, det blir organisert underskriftskampanjar, skrive brev og sendt opprop til folkevalde.

Det gjev resultat.

«Bonden jaget atom-mannen»

Då avdelingsingeniør Dag Roti - for første gong på jobb i marka for Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) - bankar på hjå Sigurd Smådal på garden hans i Eidatræ den 27. juni 1974 for å undersøkje grunnen, nektar Smådal han å gjere det. Bonden meiner han har tre vekers ankefrist, så Roti må gå derfrå med uforretta sak. Frå hovudkvarteret på Majorstuen i Oslo får Roti beskjed om å koma heim att.

«Bonden jaget atom-mannen», slo BA fast i overskrifta dagen etter. Sigurd Smådal skriv til Justisdepartementet at han krev forbod mot undersøkingane. Nytt varsel om grunnundersøkingar kjem til 27 grunneigarar, og alle ankar. Anken gjer grundig greie for alt det folket på Ostereidet har gjort i saka, at dei tre gonger det siste halvåret har vend seg til styresmaktene utan å få svar. Den einaste reaksjonen er at planlegginga held fram.

Fleire tusen underskrifter

Berre ein av femten stortingsrepresentantar frå Hordaland svarar på brevet med dei nesten 700 underskriftene frå Ostereidet. Aksjonistane er skuffa; veit ikkje dei folkevalde kva demokrati er? Midt i juli sender arbeidsutvalet brev til regjeringa, styremaktene blir oppfordra til å vurdera nøye om NVE har fullmakt til å gjera grunnundersøkingar.

I denne krigen rann ikkje ein blodsdrope. Men spenninga var trykkjande og nervane i høgspenn.

Det blir skipa arbeidsutval mot atomkraftverk også i Fusa og på Hodneland i Lindås. Desse utvala samarbeider og legg ein enkel strategi: Me står saman, målet er å stogge NVE sitt arbeid uansett stad til Stortinget tek stilling til om det skal byggjast kjernekraftverk her i landet. Tilsaman skriv fleire tusen under på oppropet om at dei ikkje vil byggje kjernekraftanlegg.

Spontan etterretning

I strilekrigen mot atomkraft renn det ikkje ein blodsdrope. Men spenninga er trykkjande og nervane i høgspenn.

Etter hendinga med båten på Hodneland 16. oktober 1974 vaknar strilane til strid. Spontant oppstår eit etterretningssystem som heile Lindås tek del i, hustelefon og walkietalkie blir brukt til å informere aksjonsleiinga om kvar NVE folka er til ei kvar tid.

Folk kjem for å visa sitt standpunkt, og klokka ni om morgonen den 17. oktober er folk på plass på Hodneland. Ved middagstid er 150 menneske samla. Men det blir ingen konfrontasjon med NVE denne dagen. Dag Roti og medhjelparane hans sit på Alver hotell og ventar på instruksar frå Oslo.

Støtte frå lensmannen

I 11-tida fire dagar seinare kjem meldinga: NVE er på veg. NVE kjem til stova til Olav J. Hodneland. Der sit aksjonsleiinga, lensmannen og NVE. Ute på tunet blir det meir og meir folksamt, til slutt er 250 menneske samla der. Klokka eitt reiser karane seg inne i stova. Knut Henriksen frå arbeidsutvalet på Hodneland fortel dette i boka til Bjarne Åsgård:

«Eg gjekk ut på trappa og sa at lensmannen ville seie nokre ord. Lensmannen helste folket og sa: - Slik avtalen var, har de no markert dykkar synspunkt, og det er klårt at det er det same som før. Det vil ikkje friviljug verta gjeve løyve til grunnundersøkingar. Dersom grunnundersøkingar skal gjennomførast, må det brukast makt, og det vil ikkje verta gjort. Med det reknar eg med at aksjonen vert avblåst.»

Grasrotrørsle

Atomkraftmotstanden i Lindås var ei grasrotrørsle. Strilekrigen i Lindås handlar om korleis kjernekraftsaka i Norge vart stogga av bønder og byfolk, av lærarar og møbelsnikkarar, alle med røter og opphav lokalt. Dei var saklege, høflege og korrekte i all si ferd, men måtte ty til sivil ulydnad for at styresmaktene skulle skjøna alvoret.

I 1974 stogga framdrifta av alle kjernekraftplanar i landet på grunn av motstanden i Lindås kommune i Hordaland. Året etter skrinla Stortinget vidare planar. Motstanden mot atomkraft var massiv over heile landet, men det var hendingane i Lindås som sette ein stoppar for bygging av kjernekraftverk i Norge.

Denne strilekrigen er eit føredøme på korleis lokal motstand og folkets røyst kan vinna fram, på korleis folk går saman og kjempar når eige livsgrunnlag er truga. Strilane nytta si lokale kraft og styrken det gjev å stå saman. Strilekrigen mot atomkraft er ein skule i demokrati og eit glitrande føredøme for andre. Strilekrigen mot atomkraft er ei historie om ein vellukka folkeleg oppstand mot maktapparatet.

Den fortener sin plass i lærebøkene nett som den meir kjende strilekrigen mot dei danske styresmaktene for nesten 250 år sidan.