- Det er ingen single her i barnehagen. Ein blir jo godt konemateriale av å jobbe her, spøkjer Shandell Sletten (20).

Verken ho eller kollegaene hennar ved Blåklokka barnehage slit med å finne seg mannfolk. Men statistikk frå Hordaland fylkeskommune viser at det kan bli verre for andre kvinner i kommunen. Meland er nemleg den kommunen i Hordaland med størst overskot av unge kvinner.

Medan hovudregelen i Hordaland er at det er eit fleirtal av menn i alderen 20–39 år, har nemleg Askøy, Fjell, Øygarden og Meland saman med Jondal, Eidfjord, Modalen og Masfjorden, kvinneoverskot. Dei fire strilekommunane er prega av tilflytting av unge familiar der mann og kone jobbar i Bergen.

- Det verkar ikkje som om det er vanskeleg å finne seg nokon her. Eg fann mannen min her på øya, fortel barnehagetilsett Kathrine Særvold (25). Ho har kapra seg ein av dei relativt sjeldne lokale mannfolka i Meland.

Kraftig folkevekst

I gjennomsnitt er det 96 kvinner pr. 100 menn i alderen 20-39 i Noreg. Ordførar i vekstkommunen på nordsida av Nordhordlandsbrua, Nils Marton Aadland, trur plasseringa til kommunen forklarer kvinneoverskotet.

— Det er freistande å seie at det er mange attraktive mannfolk i Meland som trekkjer damer hit. Men forklaringa er nok nærleiken til Bergen. Vi har ein kraftig folkevekst, og mange unge kvinner flyttar hit. Mange studentar og yrkesaktive vel å bu i Meland og dagpendle til byen, seier han.

Marita Systaddal (24) arbeider hos Nav i same bygg som ordføraren, og er eit godt eksempel på unge kvinner som flyttar til Meland. Etter et å ha studert i Bergen, kom ho tilbake.

— Eg planla heile tida å busette meg her. Fleirtalet av venene mine har også flytta tilbake. Vi er veldig glade i kommunen. Den ligg nær Bergen, men det er likevel landleg her med fine turtilhøve, seier ho.

Kort veg til alt

— Eg fann meg ei jente frå Meland. Det er jo så mange her, var det ikkje sånn? spør Thomas Skauge (32).

Det er lett å gje han rett, der han sit som einaste hane i korga under lunsjen til heimesjukepleien i Meland.

— Ein blir vant til det. Men lydnivået er kanskje litt høgare, seier han, mens kollegaene ler. Skauge er ikkje frå Meland sjølv, men flytta etter kjærleiken. No er han vant til mange damer både i kommunen og på jobb.

Pleiarane har lagt merke til at kommunen har vorte omsverma dei siste åra.

— Eg kjenner veldig mange som bur her og pendlar til byen, seier Margrethe Sivertsen (25).

- Ja, Frekhaug har blitt veldig populært. Det er kort veg til alt, men likevel landleg, seier Siv Carina Selland-Dalseide (31).

Dei ser ikkje noko negativt i at tilflyttinga har gitt kvinneoverskot i kommunen.

- Før var alle frå denne øya, det var ikkje så lurt det heller, seier Kristine R. Skyrtveit.

Austrheim 3,5 mil nord for Meland er den kommunen i Hordaland som har størst underskot på kvinner i den mest fruktbare alderen. Ordførar Ole Lysø (71) er usikker på årsaka, og hevdar at det ikkje plagar han for mykje.

- Dette svingar opp og ned. Vi har no god tilflytting og legg til rette for bustadbygging og for at det skal vera unge familiar her. Vi har for det meste mannlege arbeidsplassar, men registrerer at mange kvinner søkjer kommunale stillingar. På kommunehuset er kvinnene i fleirtal! seier Ap-ordføraren.

Hyllestad kommune på andre sida av Sognefjorden er endå verre stilt enn Austrheim på damefronten, med nesten dobbelt så mange menn som kvinner i aldersgruppa 20–39.

- Det er eit generelt problem i utkantane og slår sterkt ut i små kommunar. Vi har skipsverftet i Leirvik som hjørnesteinsbedrift, ein typisk mannsarbeidsplass, er forklaringa frå senterpartiordførar Tore Bråstad (45).

- Vi er ein omstillingskommune som arbeider aktivt for å få tilflyttarar i denne aldersgruppa, og tilbyr stimuleringsmidlar frå næringsfondet som etableringsstøtte - utan å ha fokus på kvinner spesielt. Problemet må sjåast i ein regional samanheng, eg trur vi ville vore tente med ei kommunesamanslåing. Frå Hyllestad er det ikkje langt til Førde, Høyanger og Fjaler, seier Hyllestad-ordføraren.