— Vi må vera realistiske. Staten sin del av Nordhordlandspakken vil i alle fall ikkje koma i nærleiken av 50 prosent, seier Sveinung Valle, styreleiar i Nordhordlandspakken AS.

— Dei som arbeider med Sotrasambandet har lenge budd seg på 100 prosent bompengar. Trur du det same kan skje med Nordhordlandspakken?

— Vi kan ikkje sjå bort frå det. 100 prosent kan verta løysinga. Dersom vi vil koma framover i køen, må vi vera villige til å strekkja oss langt, seier Sveinung Valle.

Saman med Regionrådet har Sveinung Valle no starta eit hardkøyr for å få fram ein ny Nordhordlandspakke som kan få plass i Nasjonal Transportplan. Det nye samanlikna med den tidlegare pakken er at Nyborgtunnelen vert køyrt fram på fyrsteplassen.

Snikja i køen

— Nyborgtunnelen er så langt ikkje nemnd i Nasjonal Transportplan. Men eg er med i samferdsleutvalet i Hordaland Arbeidarparti, og vi har gode kontaktar innover mot statsministerens kontor.

Seim-bonden har også ei fortid som statssekretær i Landbruksdepartementet . Det var under Stoltenberg frå 2000 til 2001.

Valle er sjølvsagt klar over at med 100 prosent bompengar kan Nyborgtunnelen snikja i køen og sleppa venta på løyvingar over statsbudsjettet.

Regionrådet for Nordhordland og Gulen har på si side sendt brev til alle kommunane der dei bed om fullmakt til å utforma ein ny bompengesøknad «som sikrar positiv handsaming i Hordaland fylkeskommune, Statens vegvesen og Samferdsledepartementet».

På godt norsk betyr det m.a. at det gamle kravet om 50 prosent statleg del av investeringane fell bort.

— Vi håpar at kommunane vil gjera positive vedtak om dette før jul. Då kan vi setja fullt trykk på arbeidet med ny bompengesøknad. Eg har som mål at den nye bompengesøknadene skal vera sendt i løpet av 2009, seier leiar i Regionrådet, Masfjord-ordførar Håkon Matre.

Klamp om foten

Det er all grunn til å tru at brevet kjem fort på sakliste rundt omkring. Underskrivarane er dei ni styremedlemene i Regionrådet, og alle er ordførarar.

Dersom kommunane går med på dette, betyr det truleg at dei ikkje, slik som før, får høve til å «blanda seg inn» i arbeidet undervegs med pålegg og krav og nye vilkår. Dette var ein klamp om foten i arbeidet med den tidlegare vegpakken, og ei viktig årsak til at fylkeskommunen til slutt rett og slett sende heile pakken attende til Nordhordland som ubrukeleg.

Håkon Matre reknar likevel med at kommunane skal få uttala seg når det ligg føre eit endeleg framlegg til ny vegpakke.

Også Matre ser faren for 100 prosent bompengar. Men han meiner det er grunn til å venta eit skikkeleg bidrag frå staten, ikkje minst fordi Nyborgtunnelen er stamveg.

Hvordan mener du Nordhordlandspakken bør finansieres? Legg inn dine kommentarer under!