Måndagskvelden 14. januar, vitja eg Åsane folkehøgskole. Der blei det stelt i stand noko som for underteikna er eit ukjent konsept, nemleg Strikkekafé. Kafeen er for alle og blir avvikla ein gong i månaden. Den blir arrangert av ildsjelane Merete Litland og Solgunn Styve, populært kalla strikkemafiaen (!)

Då eg kom slentrande inn døra på strikkekafeen blei eg møtt av dei to ”mafiabossane” som noko overraska konstaterte at, ja, det var ein kar som kom inn døra. Eg mistenkjer dei for å bli noko skuffa då dei oppdaga eg var i ærend for Åsane tidende og ikkje for å strikke.

Gjenbruk

Det blir presentert eit nytt tema for kvar kafé og tema denne gangen var gjenbruk av ull, gjerne gamle ullgenserar. Merete Litland hadde også med seg døme på gjenbruk av ull som ho hadde laga sjølv. Metoden som blir nytta ved gjenbruk av ull blir kalla for toving. Ei av metodane for å tove er å vaske ullkleda på god varme i vaskemaskina. På denne måten krympar ullkleda. Dei filtar seg saman slik at stoffet blir meir kompakt og slitesterkt. Dermed kan det nyttast om igjen til å lage noko anna.

Litland byrja framsyninga av det ho hadde tova med ein kommentar om eit velkjent scenario i heimen.

– Dette er ein fin moglegheit til å likevel få noko nyttig ut av kleda når mannen din har øydelagt ull ved å handtere vaskemaskina feil!

Om ho tala om sin eigen mann som ikkje strekkjer til i klesvasking sa ho ingenting om, men mykje av stoffet ho hadde med seg var visstnok ifrå hans nesten ubrukte ullgenser. Genseren hans var for stor hevda ho. Eg anar ugler i ulla.

Ho nytta og høvet til å fremme det miljøvenlege ved toving, som ein måte å gjere verda litt grønare på. Vidare fortalde ho at før i tida nytta ein seg i mykje større grad av dette fordi ein hadde mindre ressursar. Litland si slekt i Finnmark brukte toving mykje under krigen.

Stikketerror

Etter Merete Litland si ekshibisjonisme av tova ulltøy blei det tid for multitasking på høgt plan i form av kaffidrikking og strikking, samt koseleg prat om alt og ingenting. Eit tema som dukka opp var terroristfrykta på flyplassar og dei konsekvensane ein utsett seg for ved å ta med seg strikkepinnar på flyreise, noko underteikna hadde lite erfaring med! Det visar seg at det kan vere eit sjakktrekk å nytte seg av trepinnar i staden for vanlege strikkepinnar, eventuelt ha med seg ekstra pinnar i kofferten for å unngå at flyplassvektarane saboterer verdifull strikketid!

Eit absurd faktum eg beit meg merke i var at eg ikkje hadde forventa snakk om terrorisme og mafiaverksemd på ein strikkekafé! Fins det alvor i den interne mafiaspøken deira? Eg slår fort tankane frå meg då den andre "mafiabossen” Solgunn Styve, spanderer kaffi på meg. Me held fram praten rundt eit meir passeleg tema som den stigande populariteten til strikking blant ungdom. På kafeen fins det folk frå tjue år og oppover. Det er få folkehøgskule elevar her i dag, men ein del lokalbefolkning. Styve som er lærar på kunst & designlinja ved folkehøgskulen, forklarar at det hadde vore uaktuelt å foreslå eit strikkekurs på linja for ti år sidan. I dag er tinga annleis, ungdommane, i hovudsak jenter, strikkar som aldri før og no er det faktisk fullt på kursa deira på skulen. Styve hevdar ein stor del av grunnen kan vere motebiletet si forandring.

– Det fins mykje klede som liknar heimestrikka i til dømes H&M-butikkane no.

Dødtid utan strikketøyet

Snakketøyet (!) rundt dei runde borda i kafeen går vidare på at strikking er svært praktisk med tanke på at du kan ta med deg strikketøy over alt og det er eit fint tidsfordriv.

– All dødtid utan strikketøy, er bortkasta strikketid! Var det nokon som sa.

Som konklusjon kan eg slå fast at dette var ei svært koseleg måte å nytte ein regnfull måndagskveld på. Strikkemafiaen er den snillaste mafiaen eg har vore borti! Eg vil også kome med ei oppfordring til menn der ute, dersom du er einsam, så er dette plassen å gå! I tillegg til at dei var sjenerøse med kaffien, fekk eg med meg nokre nyutvikla sjekketriks på vegen heim. Til dømes: ”Ooh, for eit fint ullskjørt, har du tova det?” Eg trur det er bruken av faguttrykk innafor strikking som skal til for å imponere jentene på denne linja. Huff, stakkars oss menn, alt me må kunne for å sjarmere jentene!

Denne saken er levert av Åsane Tidende

Har du kastet deg på strikkebølgen? Si din mening i kommentarfeltet under!

"Mafiabossane" Solgun Styve og Merete Litland.
john-aksel haukanes
Smart, rosa Lommetøffel.
john-aksel haukanes
Oddbjørg strikker sokker.
john-aksel haukanes
Kerstin strikker skjerf.
john-aksel haukanes