Vi fikk sjå ulike typar garn, modellar og idear frå butikken Evas garn— og systue.

For undertegna var nok garntypen som var laga av SOYA det mest oppsiktsvekkande, og Eva Carlsen Solberg kunne fortelja at ho og har garn laga på mjelkefiber i butikken sin! Dette er eit resultat av over 10 års forskning. Sauen er visst begynt å få konkurranse frå uventa hold.

Det blir spennande å prøva ut kvaliteten og eigenskapane til dette garner, men ved fyrste augekast likna soyagarnet litt på silke.

Oppstod i USA

Deltakarane på strikkecaféen fekk og utdelt mønster på små barnehuer , og vart oppmoda til å vera med på eit u-landsprosjekt som går ut på å strikka huer til for tidleg fødde barn i Malavi. Slik kan dei holda varmen i ein kritisk fase og sjansen for å klara seg blir større.

Om nokon vil bidra med huer kan dei leverast inn i butikken i Arna. Fleire av elevane på Åsane er no i gang med strikking!

Reidunn Bjørnberg fortalde oss litt om erfaringar frå strikkecaféen i butikken i Arna. Ho kunne og fortelja at fenomenet strikkecafé oppstod i USA etter 11. september som ein måte å koma saman på, og samtidig driva med noko positivt for å få tankane over på andre ting .

Spansk storheitstid

Strikking som fenomen oppstod i følgje Reidunn i Syria 250 år etter Kristus.

I Spania hadde strikkinga si storheitstid på 12- og 1300-tallet. I England blomstra det opp med strikkemaskiner på 15- og 1600-tallet, og dronning Elisabeth innførte strikking i engelske skular.

Neste strikkeCafé blir TYSDAG 24. februar. Og vi ser fram til å få besøk av Signe Aarhus frå OLEANA.

Me anbefalar nye og tidlegare gjester å ta turen innom peisestova på Åsane folkehøgskole denne kvelden.

Historisk tilbakeblikk

Oleana har markert seg både nasjonalt og internasjonalt med spennande design innan strikking. Me får eit historisk tilbakeblikk ”Oleana-frå eventyrdrøm til eventyrlig virkelighet” og høve til å sjå noko av vareutvalget og garnet deira denne kvelden.

VELKOMMEN TYSDAG 24 FEBRUAR , KL. 19.00-21.00.

Helsing Merethe og Solgun.