Heilt frå starten av var det strid rundt gangbrua som skal knyte dei to kjøpesentera saman over riksvegen i Førde sentrum.

Først etter arkitektkonkurranse og fleire rundar i politiske organ vart planane godkjende. Da brua endeleg kom på plass, var den ikkje i samsvar med dei godkjente planane.

Klar om halvannan månad

Slikt blir det bråk av. Men etterkvart gjekk utbyggaren, selskapet Qvam AS, med på å rive byggverket og bygge fasaden i det rombeforma mønsteret kommunen har forlangt.

— Vi har montert opp gitterverket, og reknar med at heile prosjektet er fullført innan halvannan månad, seier Jostein Fredly i Qvam AS.

Det betyr at det omstridde fasademønsteret omsider er i tråd med godkjenningane. No gjenstår å få dei svære, eggforma skulpturane tilbake på plass inne i gangbrua.

— Deretter skal vi ha glass og tak på plass, og så er det litt arbeid med ventilasjon og det elektriske, seier Fredly.

Krev fire til seks mill.

Det som skulle bli eit spektakulært landemerke i Førde sentrum er dermed på plass, nesten eitt år etter at det nye kjøpesenteret opna dørene.

Men striden skal enno pågå ei tid, for Qvam AS står framleis ved den stemninga dei har tatt ut mot Førde kommune.

— Vi er påført meirutgifter på mellom fire og seks millionar kroner, seier Fredly til Bergens Tidende. - Dette krev vi dekka av kommunen.

Qvam meiner seg påført ekstrakostnader som følgje av riving, ombygging og tapte leigeinntekter som ikkje står i forhold til den feilen dei har gjort.

— Men no er vi i alle fall glade for at dette er på plass. Så får vi sjå korleis det går herfrå, seier Fredly.

Per Marifjæren
ODDLEIV APNESETH (arkiv)