«Dette er stamveg og eit viktig samband mellom aust og vest. I tillegg ligg vegen langt ute i distriktet og har liten trafikk. Då bør staten fylgja sine eigne retningsliner og fullfinansiera vegen over statsbudsjettet», skriv fylkesrådmann Paul M. Nilsen i ei tilråding til samferdsleutvalet.

Det handlar om to tunnelar på strekninga Seljestad-Haukeli. Samla lengd er nesten 25 kilometer, og prisen er rekna til 2,6 milliardar kroner.

Både lokalt og regionalt er det eit sterkt press for å få desse tunnelane inn på Nasjonal Transportplan 2010-2019. Det forklarar og viljen til å betala bompengar. Veganlegget berører direkte Odda kommune i Hordaland og Vinje kommune i Telemark. Dei to kommunestyra har likelydande vedtak på at det kan nyttast bompengar til delar av finansieringa. Dei bed Statens vegvesen koma med forslag til bompengeordning. Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Hardangerrådet har gjort liknande vedtak.

Raskare Bergen-Oslo

Trafikkgrunnlaget pr. 2008, med teljepunkt Seljestad, ligg på oppunder 1800 bilar pr. døgn som eit snitt over heile året.

Til samanlikning er det rekna med ein døgntrafikk over Hardangerbrua på 1950 bilar i opningsåret 2013. Der skal bompengane utgjera 1,4 milliardar kroner av investeringa på rundt to milliardar.

Odda kommunestyre vedtok for kort tid sidan kommunedelplanen for tunnelane, slik at traseen no er fastlagt. Det vert tunnel frå Seljestad til Valldalen. Vegen kryssar dalen over ein strekning på 600-700 meter før han går inn i ein ny tunnel. Lågaste punktet på vegen vert 600 meter, som er ca. 200 meter over bygdesenteret i Røldal.

Saman med Jondalstunnelen, som venteleg vert opna for trafikk i 2013, vil dei nye Haukelitunnelane gje ei monaleg innkorting av denne vegruta mellom Bergen og Oslo. Det som då står att for ei fullverdig ekspressrute aust-vest vil vera veg med stamvegkvalitet frå Bergen til Jondal og utretting av E134 gjennom Telemark.

Press mot Odda

På lokalplanet, i Odda, har dei vore opptekne av korleis det vil gå med bygda Røldal når gjennomgangstrafikken på E134 går langt utanom. Trafikk frå Suldal og Ryfylke vil framleis gå gjennom bygda, men den trafikken er liten. Ordførar i Odda, Gard Folkvord (Ap) seier at det i utgangspunktet var fleirtal for å leggja vegen over Valldalen lengre nede og nærare Røldal.

— Men Statens vegvesen hadde varsla motsegn mot dette. I tillegg vart Odda sett under press av kommunane lengre aust, i Telemark, for å få saka fort ferdig, seier Folkvord.

Sei di meining om bompenge-saka i feltet under!