Den tiltalte 20-åringen vart difor frifunnen for lekamskrenking ved å spytta på ein bartender.

Men då han spytta mot ein lensmannsbetjent, vart det blink. To gonger. I andletet. Deretter slo han etter betjenten med knytta hand, og sparka etter ein annan politimann, då dei skulle plassera den krakilske 20-åringen i arresten.

Under denne seansen fall det også ein del ukvemsord. Fargerikt folkeleg språk, hadde dei kanskje sagt i Nord-Noreg. Men Voss tingrett meinte det kvalifiserte til domfelling «for å ha forulempet en offentlig tjenestemann under hans utførelse av tjenesten ved skjellsord eller annen fornærmelig atferd».

Han vart dømt til fengsel i 30 dagar på vilkår, og må betala 5000 kroner i bot.