Som studentavisa Studvest oppsummerer det: «Det virker som hele Universitetet er overbevist om at dette var en maktkamp mellom rektor Grønmo og direktør Rommetveit. Og at Rommetveit trakk det korteste strået».

Styret og dei to hovudaktørane har lagt lokk på styret sine høgst uvanlege diskusjonar av direktørens arbeidsoppgåver det siste året. Det vil heller ikkje kommentere om Rommetveits avgang har samanheng med desse drøftingane.

BT har dei siste vekene snakka med ei rekkje sentralt plasserte aktørar på og utanfor Universitetet. Saman med det Rommetveit og Grønmo sjølv seier og har sagt, teiknar dei eit rimeleg klårt bilete av det som har skjedd:

Hovudstriden står om kven som skal ha makt til å styre oppdragsforskinga på Universitetet, og kva retning den skal ta.

Grønmo har brei støtte blant forskarar og professorar på Universitetet for si linje: Å bringe oppdragsforskinga under fagleg styring, og samordne den med måla for forskinga på Universitetet elles.

Rommetveit på den andre sida er skeptisk til ei slik samordning, noko han gav uttrykk for i ein kronikk i BT 12. september i år — berre to dagar før Universitetsstyret skulle drøfte Rommetveits arbeidsoppgåver.

Rommetveit har til no hatt vide fullmakter til å representere Universitetet, noko som har gjeve makt til å forme ut politikken. Han har til dømes utgjort generalforsamlinga i Unifob, med stor innverknad på val av styret og indirekte av direktør.

Aksjeselskapet Unifob er Universitetets paraplyorganisasjon for oppdragsforskinga. I tillegg har dei store eigarinteresser, mellom anna i Chr. Michelsens Institutt.

Så meir generelt handlar striden om kven som skal styre både Unifob og andre randsoneinstitusjonar, administrasjonen eller forskarane.

Slik BT forstår er det i lyset av denne striden styret har diskutert universitetsdirektøren si «rolle» og «arbeidsoppgaver».

Alt tyder på at Rommetveit til slutt såg så mange interessante oppgåver - og om du vil så mykje makt - forsvinne over til rektor at han ikkje ville vere med lenger.

Med eit styre der fagfolk og studentar utgjer fleirtalet, og med ein rektor med eit svært klart mandat og vilje til makt, var slaget tapt.

Det er historisk sus over det som er skjedd i toppleiinga ved ein av Bergens viktigaste institusjonar. Sidan Universitetet i Bergen vart oppretta i 1948 har institusjonen vore styrt av sterke direktørar, i motsetning til dei andre norske universiteta. Der ligg makta i hendene på rektor.

Med Kåre Rommetveits avgang har truleg makta skifta over frå direktør til rektor på Universitetet i Bergen òg.