• No er vi innstilt på å leggja ned drifta mellom Kleppestø og Bergen frå 1. april, seier BNR-sjef Trygve Tønnesen. - Det kan dei ikkje, seier Fylkesrådmannen.

Samferdsleutvalet hadde ingen ekstra kroner å dela ut til Snarveien i dag. Det er bakgrunnen for at Tønnesen no vil leggja ned ruta.

– Men då trugar fylkeskommunen med erstatningssøksmål?

– Det har eg ingen kommentar til nett no, seier Trygve Tønnesen til Bergens Tidende.

Trygve Tønnesen har no sendt brev til Konkurransetilsynet der han bed om gransking av vilkåra for drift av Snarveien samanlikna med vilkåra til HSD, som er den store konkurrenten om passasjerane mellom Askøy og Bergen.

Tønnesen klagar m.a. over at konkurrenten har avtalar som tillet han å endra ruteopplegget sitt. Noko han sjølv meiner han ikke kan.

Fylkesrådmann Paul M. Nilsen har fylgjande syn på Trygve Tønnesen sitt trugsmål om å leggja ned drifta:

Dialog med BNR

– BNR har vunne eit anbod og inngått ein tiårig kontrakt. Det står att 9 år og tre månader av kontraktstida. BNR kan ikkje leggja ned ruta. Det vil vera kontraktsbrot og føra til krav om erstatning frå vår side.

– Kva kan fylkeskommunen gjera dersom BNR gjer alvor av trugsmålet?

– Vi er i dialog med BNR. Dei tre eigarane (gründer Trygve Tønnesen, eks-kjøpmann Einar Nistad og automatkongen Frode Johnsen) var i møte hjå oss tysdag, og eg har ei kjensle av at vi forstår kvarandre, seier Paul M. Nilsen.

– Vi skal no granska påstandene dei er komne med, legg han til.

Snarveirabatt

Fylkeskommunen er no innstilt på å sjå på Snarveien sine vilkår i samband med evaluering av miljøkortet over Nordhordlandsbrua. Dersom rabatten på 40 prosent med buss over brua har som resultat at passasjertallet minst held seg på same nivå som før, vil fylket vurdera å innføra same kortrabatt på kollektivtrafikken mellom Askøy og Bergen.

Ein slik rabatt vil då gjelda både på Snarveien og på bussane. Fylket vil nytta juridisk hjelp for å finna ut kva dette kan få å seia for avtalen med BNR om drifta av Snarveien og storleiken på tilskotet.