Alle dei fire har fått strengare straffer enn det aktoratet la ned påstand om.

Mannen som har blitt karakterisert som hovudtiltalt, er dømd til fengsel i ni månader. Tiltalt nummer to har fått åtte månader, nummer tre seks månader og den fjerde fire månader. Dei fire må også betale frå 10.000 til 20.000 kroner i sakskostnader.

Dei fire er funne skuldige i grov vald under særs skjerpande omstende. Det var i fjor dei fire planla og gjennomførte ein privat hemnaksjon mot ein 23 år gammal mann. Dei fire tok seg inn i husværet til mannen, og mishandla han.