Dei hovudtiltalte, som begge er knytta til mc-klubben Hammer i Florø, er dømde til ni og åtte månader fengsel. Dei to andre som var med på mishandlinga, har fått fengselsstraffer på seks og fire månader. Påstandane frå aktoratet var høvesvis åtte og seks månader for dei to hovudtiltalte, og 75 og 45 dagar for dei andre.

Ein drosjesjåfør, som også blei sett på tiltalebenken, slapp derimot unna med ei bot på 10.000 kroner.

— Eg er ikkje overraska over dommen. For min påstand la eg til grunn straffeutmålinga i ei sak frå Borgarting lagmannsrett. Det ingen visste under prosedyrane var at Høgsterett seinare skjerpa dommane i denne saka, seier aktor Bjørn Larsen til Bergens Tidende.

Det var ei augustnatt i fjor at dei fire mennene tok seg inn i husværet til ein 23 år gammal mann. 23-åringen blei gjennom slag og spark i ansiktet påført alvorlege skader. Han var innlagt to døgn på sjukehus etter valdsepisoden.

Det som skjedde var ein regelrett hemnaksjon, etter at 23-åringen tidlegare same kvelden skulle ha vore brutal mot søstera til ein av dei tiltalte. Dei fire blei køyrde til leilegheita av ein drosjesjåfør dei kjende, Han skrudde av taksameteret, og køyrde dei som ein privattur.

Då rettssaka starta erkjente berre ein av dei fem straffeskuld. Det var bror til søstera som skulle ha blitt plaga og trua av 23-åringen. Broren har både i politiavhøyr og under rettssaka halde fast på at det var han som slo og sparka. Han som fekk lengst straff har derimot påstått seg heilt uskuldig, og tvert om forklart at han måtte gå mellom for å stoppe kameraten.

Sunnfjord tingrett trur ikkje på versjonane dei to hovudtiltalte har gitt. Dommen viser klart at retten meiner tiltalte som hevda han måtte gå mellom, har vore den mest aktive valdsutøvaren. Difor har han også fått lengst straff. Alle dei fire er funne skuldige i grov vald under særs skjerpande omstende.

Dei fire er også ilagt sakskostnader som varierer frå 10.000 til 20.000 kroner. Dei dømde vurderer å anke dommen.