• FÅR BETALT: Medan elevane møtte til første skuledag på splitter nye Amalie Skram vidaregåande skule i dag, sto lærarar streikevakt utanfor. Dei gjekk glipp av første dag, men får i alle fall kompensert for full løn medan dei står i regnvêret. Skulle det bli nødvendig, kan også Utdanningsforbundet krevje inn ekstra medlemskontingent for å fylle streikekassen. FOTO: Tor Høvik

Streikar utan å tape ei krone

Sjølv med fire streikar på seks år, er Utdanningsforbundet gode for ein milliard kroner og kan gi lærarane full kompensasjon medan dei streikar. Det gjer det for lett å streike lenge, meiner Civita-jurist.