Klokka halv fire hadde alle innbyggjarane i Florø fått straumen tilbake, og heller ikkje industrien er lenger pålagt restriksjonar.

Kabelfeilen er framleis ikkje reparert, og ifølge SFT vil straumnettet difor vere i ein sårbar situasjon. Enkelte kan for kortare tid bli straumlause i tilknytning til mindre omkoblingar i nettet, heiter det på heimesida til SFT.

Florø sentrum har vore utan straum sidan klokka 11 i dag. Om lag 4000 abonnentar var ramma av straumbrotet, ifølgje SFE Nett, som har ansvaret for straumnettet.

Industrien med restriksjonar

— Vi har klart å skaffe alternativ spenning slik at alle har nok spenning tli å få på lys og til mindre forbruk, sa Birgit Samdal, marknadssjef i Sogn og Fjordane Energi til bt.no klokka 14.30.

I ein periode va det ikkje full kapasitet på linja, noko som særleg ramma industrien.

— Feilen er ikkje utbetra og arbeidet vil ta tid, seier Samdal.

Maks uflaks

– Vi har to linjer til Florø, men akkurat i dag foregår det vedlikehaldsarbeid på backup-linja. Samtidig er omstenda så uheldige at ein feil i ein kabel inntreff på den andre linja, seier Atle Isaksen, seksjonssjef i SFE Nett.

Han kan ikkje love at feilen vil bli retta opp i dag.

– Arbeidet med å grave opp kabelen og få reparert feilen vil ta tid. Samstundes arbeider vi med å skru tilbake alle komponentane frå backup linja, seier Isaksen.