Alt er organisert i eit systematisk og kronologisk, velordna kaos. Alt virkar. Alt har sin historie. Og ein ,engasjert Kolstad fortel meir enn gjerne. Han har bala med straum så langt tilbake han hugsar. I 48 år jobba han i Nordhordland Kraftlag. Han begynte «på golvet», men mesteparten av tida stod det «overingeniør» på kontordøra hans. Da han vart pensjonist, vart han ein meir systematisk samlar.

Ryktebørs

– Først hadde eg alt montert på plater på loftet. Men det vart for liten plass der. Eg måtte byggja på garasjen, smiler han. Etter kvart som ryktet om samlemanien hans byrja gå, kom folk til han med ting.

– Noko fekk eg mot å montera nytt som erstatning. Andre var glade for å verta kvitt rasket, seier han.

Veggar og golv i minimuseet er maksimalt utnytta. Heimelaga stolpesko, kjempetenger, brytarar, leidningar, strålomnar. Kulturhistorie og samtidshistorie. Tinga rundt oss i kvardagen, som er der utan at me eigentleg ser dei. Før dei er borte.

Redda frå containeren

– Eg syns det var synd at alt det gamle berre skulle gå i bosset. Derfor tok eg vare på gammal «leamikk» eg fann på reisene mine rundt i Nordhordland. Eg har vore på kvar einaste gard frå Romarheim til Austrheim. Gått Fedje på kryss og tvers. Stukke linjer i Masfjorden og Øygarden

På reisene kom han over mykje «løye» elektrisk. Folk visste om interessa hans, og tok vare på gammalt til han: «Konraden får få det», var omkvedet.

Rust pussa han bort, han malte og mønja, vaska støv, kopla og fiksa.

– Noko redda eg ut av containeren på kraftlaget. Som denne stolpereisaren, peikar han indignert.

Kan brukast i dag

– Dette er frå straumkabelen over Alverstraumen. Og denne gjekk til Stura.

Men samlar Konrad føl med tida; også moderne fiberoptisk kabel er representert i samlinga. Han legg ut om metall, trådretning, isolasjon, viklingar og strekkstyrke. Kabelprøvar er systematisert i hundretal. Ein eigen vegg er vigd installasjonsmateriell av kvitt porselen frå Porsgrund porselensfabrikk langt tilbake på 1920-talet.

– Kjempekvalitet, fullgod til bruk også i dag, hevdar han.

20 kwh til 1 krone

Finurleg krumma lampar, brytarar, isolatorar, og meir uskjøneleg gjenstandar. Her er alle installasjonsepokane representerte, frå porselen via bakelitt og metallrør til dagens plast, som har gjort det så mykje lettare å vera elektrikar. Museumsstyrar Kolstad koplar og vrir, lys her, lys der. Ampere, watt, volt og årstal. Einfasa, tofasa. Målarkuriositetar med og utan overforbruk. Ein målar med myntinnkast; putta du på ei krone hadde du 20 kwh til rådvelde.

– Men det var den gongen. Kolstad ristar på hovudet i samanlikning med dagens rekordprisar.

Frir til BKK

Så er det bibliotekdelen med jubileumsbøker, festskrift, tidsskrift. Og ikkje minst forskrifter. «Forskrifter af elektriske Anlæg», med gotisk skrift datert 1897 er den eldste i samlinga hans. Men veteranen lever ikkje berre i fortida, EU-rundskriv frå inneverande år viser det.

– Eg kjem ikkje på noko eg manglar, svarar kulturarbeidaren smålåten på spørsmål om museet er komplett.

Framtidsønsket for klenodia er klar; at BKK tek vare på dei.

PORSELENSAVDELINGA: Kvalitet frå Porsgrund porselen i diverse utgåver. Alt er kopla på straumnettet, og alt verkar som det skal. Og sjølvsagt kan Kolstad historien bak kvar einaste vesle brytar og kontakt. ¿ Trur ikkje det er noko eg manglar i samlinga mi, seierhan.DET GJEKK BRA: Ein av kraftlaget sine kontrollørar fann denne svidde kontakten undereit «heimebesøk». Utruleg nok hadde det ikkje tatt fyr.Straum av historie