Regatta AS og Sjøfartsdirektoratet har dei siste dagane drege i tvil dei engelske testane som førte til svartelisting i EU. Sjefen for Regatta AS, Grethe Sunde, seier at England kan vere interessert i å hjelpe fram ein konkurrerande engelsk vest.

I Aftenposten i går følgde sjøfartsdirektør Rune Teisrud opp med at England ikkje har vore villige til å gje Noreg fullt innsyn i testane som ligg til grunn for vestforbudet. Same beskjeden gav avdelingsdirektør Sigurd Gude til Bergens Tidende.

Faktum er at England har gitt Sjøfartsdirektoratet fullt innsyn i testrapporten, som sjøfartsdirektøren personleg mottok. 28. september i fjor sende Teisrud ein kopi av rapporten til Nærings— og handelsdepartementet. «Den vedlagte testrapporten fra Fleetwood Testing Laboratory er brukt som grunnlag for å trekkje utstyret fra marknaden i UK», skriv sjøfartsdirektøren i følgjebrevet.

Tre vart ikkje snudde

Den fire siders rapporten, som BT har fått utlevert i Nærings- og handelsdepartementet, fortel i detalj korleis testane vart utført.

Av dei seks testpersonane var det berre tre som vart snudde over på ryggen i løpet av fem sekund. Dei tre andre testpersonane greidde ikkje vesten å snu i heile tatt. Fire av dei seks vart liggjande med munnen mindre enn 12 cm over vassflata, som er det internasjonale minstekravet. Heller ikkje krava til flytevinkel for kroppen og andletsvinkel oppfylte Regattavesten.

— Prova mot vesten var overveldande. Han svikta på ei rekkje av minstekrava, skriv David W. Ralph, den ansvarlege for godkjenning av redningsutstyr i det engelske Sjøfartsdirektoratet, i ein epost til Bergens Tidende.

Skuffa over skuldingar

Ralph likar dårleg dei norske skuldingane om at avgjerda i England og EU «luktar politikk».

— Eg er skuffa over at ein slik kommentar blir gitt om ei avgjerd som har sitt utspring i Maritime & Coastguard Agency (MCA). Organisasjonen er bemanna av fagfolk som er lojale mot organisasjonens mål, ikkje mot politikarar, og er vidt respektert av andre nasjonale styresmakter verda over, skriv Ralph.