HILDE KRISTIN STRAND

Det seier Kjell Idar Vangberg, lensmann i Austrheim og Fedje.

Det var natt til søndag at mannen la ut med småbåt frå Fedje etter å ha vore på firmafest. Han skulle heim til Frekhaug, men møtte dårleg vêr og kom seg etter ei strabasiøs ferd på land på ein holme ved Utvær fyr. Der låg han i fleire timar før han vart redda.

No hevdar politiet at 29-åringen hadde promille då han etter mange timar endeleg kom til Flesland.

— Det vart teken alkotest av mannen då han kom til land. Det er vanleg prosedyre, seier Vangberg.

Sidan båtføraren bles raudt, bestemte politijuristen at ein skulle ta blodprøve av han.

Vangberg stadfestar at Tvedt må ha hatt alkohol i blodet då han reiste frå Fedje.

— Me vil etterforska saka og avhøyra mannen over helga. Då er resultatet av blodprøven klart. Denne vil visa om han har hatt meir enn 0,8 i promille, som er grensa når ein kjører småbåt, seier Vangberg.

Vangberg seier til BT at det er Hovedredningssentralen (HRS) som avgjer kven som skal betala for redningsaksjonen. Ola Vaage, redningsleiar hos HRS, fortel at dei ikkje kjem til å kjøra sak mot Tvedt.

— Me ser ikkje på dette som grov aktløyse. Det er mange rusa menneske på sjøen, spesielt om sommaren, og det skal ein del til for at me skal gjera unntak, seier Vaage.