ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.no28-åringen frå Bergen reiste til Voss på utdrikkingslag. Etter denne vitjinga fekk omgrepet slipstvang på diskotek ei ny meining.Rettferdssansen fekk mannen til å gripa inn då ein annan diskotekgjest vart taua inn på eit kontor for å bli avkrevd personalia etter ein slåsskamp i lokalet. Bergensaren meinte dørvaktene brukte altfor brutal makt då slåsshanen klora seg fast i dørkarmen og nekta å bli med. Då "avhøyret" ikkje var over 5-10 minutt seinare, forlangte han å få vita namnet på ein av dørvaktene. Det gjekk ikkje dørvakta med på.Dermed greip 28-åringen tak i slipset til dørvakta, og drog til heilt til slipset slitna tvert av. Det er usikkert kor lenge han drog i slipset, men Voss heradsrett legg til grunn at stramminga varde i minst 15-20 sekund. Dørvakta forklarte at han fekk "rar stemme" og smerter i nakken og halsen. Han vart redd og drog sjølv i slipset for å få det til å slitna. Retten fann valdeleg lekamskrenking prova, og uttalar at dørvakter har særleg krav på vern. På den andre sida har ikkje valden gitt varig mein, og mannen var tidlegare ustraffa. Difor nøyer retten seg med bot, ikkje fengselsstraff.