TERJE ULVEDAL

Utover dagen i går frakta Fløibanen ei rekkje ivrige turgåarar frå sørpeføre i bergensgatene til vinterfjellet. Studentane Jan Helge Aalbu frå Øvre Årdal og Aina Børve frå Odda hadde planane klare:

— Vi må nytte oss av sjansen medan snøen er her. Så vi satsar på Rundemannen.

Aina har akkurat fått på seg skia og er klar for sin første bergenske skitur for vinteren. For Jan Helge er det andre:

— Den første var før jul, eg trur det må ha vore dei dagane i november.

Til langt ut i veka

— Vi går inn i ein periode med nordavind og roleg vêr. Det vil truleg vare til langt ut i neste veke, fastslår statsmeteorolog Magnus Anglevik ved Meteorologisk Institutt i Bergen.

I går lava snøen det ned over Vestlandet, i periodar snøa det trollkjerringar på føremiddagen. Og meteorolog Anna Reistad kunne love fleire snøbyger utover kvelden og natta. Det einaste meteorologane var usikre på i går, var om nattas nedbør ville bli kvit også heilt yttarst på kysten.

— Men frå om med i dag vil det klarne opp. Det vil bli lange periodar med sol både i ytre og indre strøk. Men på kysten vil det kunne komme inn i enkelte snøbyger. Også søndag blir bra, men midt på dagen kan vi få eit nytt snøfall. Dette kan også komme til å trekke eit stykke inn i landet, seier Reistad.

— Så du kan altså garantere skiføre?

— Ja, mange stader har fått godt med snø dei siste dagane. I ein slik nordleg straum som vi no går inn i, dannar det seg ofte ein del byger som når kysten. Desse er vanskelege å varsle.

Godt med snø

Same vêret vil halde fram over helga, faktisk så lenge meteorologane kjenner seg trygge på varselet. Dei første dagane i neste veke blir det kaldare. Sannsynlegvis vil temperaturen kunne falle til godt under ti minus i indre strøk, medan det på kysten vil halde seg rundt null. Utsiktene vidare tilseier at temperaturen truleg vil stige litt framover mot neste helg.

Oliver Lennox kjem dragsande på eit akebrett, og syns det er stas med snø:

— Det er første gongen eg skal ake i vinter. Men eg gjekk på ski i jula, forkynner femåringen frå Minde.

— Var det i Bergen??????

— Nei, det var på Åndalsnes, forklarer Oliver, før han forsvinn oppover bakkane. Og med litt hjelp frå mor går det bra å få fart på alkebrettet. No skal han ake heile vegen nedover mot by'n. Deretter skal det bli bading i Sentralbadet. Men i helga skal heile familien på Kvamskogen.

Godt med snø

Og der vil Oliver få mykje meir snø å boltre seg i. For på Kvamskogen var snødjupna i går nemleg 83 centimeter. På Mjølfjell hadde det passert meteren. Også ei rekkje andre populære utfartsstader kan melde om gode forhold. Frå Voss blir det meldt om ein halv meter snø i botn av bakkane. Det same er tilfelle på Langeland og Sunnfjord skisenter i Førde. På Heggmyrane i Luster og Hodlekve i Sogndalsdalen er det framimot meteren. Og på Harpefossen i Eid reknar dei med å opne fjellheisane i dag. Godt med snø litt oppe i høgda med andre ord.

— Geilo har eksempelvis berre 40 centimeter, påpeikar Anglevik.