Liv Osa hadde eigentleg ikkje tenkt å skryta av heimbygda, då ho heldt 17. mai-tale på Voss. Det vart berre slik.

Men skodespelaren hadde også ord til vossingar som ikkje vinn premiar i idrett, som ikkje får toppkarakterar på skulen, og ikkje blir framståande i kulturlivet.

Med sitat frå Per Sivle, viste ho at det er gode voner for dei også.

Med ein skodespelar på talarstolen, var vossingane garantert førsteklasses framføring. No skulle Liv Osa spela rolla som seg sjølv, som 17. mai-talar, for første gong i heimbygda, framfor tribunene der ho sjølv sat i russeutstyr for 25 år sidan og gjorde opp si meining om den slags talarar.

Men Liv hadde også innhald i talen sin, og kunne velfortent ta mot den tradisjonelle gåva av komiteleiar Kurt Andreassen; ein kløvhest i treskurd.

Tradisjonen tru vart talar og komiteleiar køyrde med hest og kjerre i folketoget, med eigen spelemann om bord. I år fekk Frode Borge æra av å føra felebogen framfor ei dotter av meistersepelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa. Songkoret Bygdaklang vann tevlinga om beste innslaget.

Barnetoget hadde svært god oppslutnad. Russen sine innslag vart langt meir vellykka i år enn i fjor.

I staden for fem russetalar av ujamn kvalitet under tilskipinga på Idrottsplassen, hadde dei eiga økt ved Friluftsscenen nede ved Vangsvatnet, og kunne gle seg over god tilslutnad, også utover eigne rekker. Russetoget vart som i fjor innlemma i folketoget.

NYTT TROFE: Kari Traa med Highlandstroféet. Skiløparen på toppen har ankelskade og eine skituppen er avbroten.
FOTO: ARNE HOFSETH