ARNE HOFSETH

— Det blir viltgryte på hytta i kveld, forsikrar nestleiaren i Voss Jeger- og Fiskarlag.

Men han og jaktkameraten Nils Saue hadde berre ei rype kvar å visa for seg etter ein lang dag i fjellområdet mellom Hamlagrøvatnet og Mykkeltveitveten.

Her leiger dei jaktterreng hjå grunneigarar som tillet bruk av hundane Hunting Tuck og Ciko. Grunnleigarlaga er elles skeptiske til jakt med hund så lenge det er sauer i fjellet.

— To ryper er vel ikkje all verda?

— Vi har hatt ein fantastisk flott dag i fjellet, i solskinnet. Og vi må ha noko å jakta på seinare også, gliser Hernes.

Småviltjegrane kan halda jakta gåande i eitt til langt utpå nyåret, men Hernes og Saue plar slutta av før jul. Rypene som då er att, trengst til egglegging for nye kull. Det kjem ein haust neste år også.

Elg- og hjortejegerane kan jakta i to periodar utover hausten, og må ta ein pause innimellom. Fleire jaktlag på Vestlandet melde om felt hjort i går morgon. På Voss var ein elg observert av jegerar i går ettermiddag, og jakta på skogens konge var i gang. Men rapport om korleis det gjekk, kan ikkje ventast før avisa går i trykken.

JAKTKAMERATAR: Nestleiar i Voss Jeger- og Fiskarlag, Kjell Hernes (t..h.) og jaktkamerat Nils Saue har leigt jaktterreng i Hamlagrøtraktene der dei har lov å bruka hundane Hunting Tuck og Ciko.<br/>Foto: ARNE HOFSETH